• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    26.01.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6016579
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
Vacancy

Sogndal kommune

Lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du eit engasjement for elevar som treng ekstra tilrettelegging?

Kvåle skule søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar som kan vere med å gjere ein forskjell i kvardagen til våre elevar!

Kvåle skule har om lag 400 elevar frå 6.–10. trinn. Vi er stolte av å vere ein skule som jobbar aktivt for å tilpasse undervisninga til kvar enkelt elev sine behov.

For å støtte elevar som treng ekstra tilrettelegging, ønskjer vi å styrke laget vårt med ein medarbeidar som brenn for å skape inkluderande læringsmiljø. Du vil vere ein viktig ressurs for elevar som møter utfordringar innanfor fag, sosialt samspel eller anna som påverkar deira skulekvardag.

I denne stillinga vil du i stor grad jobbe med elevar som treng ekstra tilrettelegging i skulekvardagen. Du vil bidra til å skape ein inkluderande og trygg læringsarena og tilpasse skuledagen til den einskilde eleven sitt behov. Arbeidet vil kunne vere knytt til alternative læringsarenaer eller tilpassingar innanfor det ordinære, og du vil samarbeide tett med andre lærarar, miljørettleiarar, spesialpedagogar, føresette og andre profesjonar.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Utarbeide og følgje opp mål for eleven i samarbeid med spesialpedagogar, føresette, eleven sjølv eller andre
  • Differensiere og tilpasse undervisninga til eleven sitt nivå, interesse og læringsstil
  • Ha struktur og oversikt på dagen til eleven, planar, evt. hjelpemiddel med meir
  • Jobbe med å skape trygge relasjonar til elevane, involvere aktuelle samarbeidspartar og leggje til rette for samspel med medelevar
  • Hjelpe og rettleie elevar som treng hjelp til å handtere psykososiale utfordringar
  • Samarbeid med andre instansar og delta i møte for å sikre heilskapleg oppfølging
  • Observere og dokumentere eleven sitt læringsutbytte og sosiale fungering, dokumentere utviking.
  • Dokumentere utfordringar og tiltak i tråd med lovverket, og justere og evaluere tiltak i samarbeid med teamet rundt eleven
  • Drive haldningsskapande arbeid
  • Leggje til rette for at eleven vert møtt med forståing og aksept frå andre,  og rettleie eleven i å tilpasse seg andre medelevar og skulemiljøet han er ein del av.

 

Kvalifikasjonar:

  • Adjunkt / lektor/ grunnskulelærar med relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge, særleg innanfor tilrettelagte opplæringstilbod
  • Erfaring frå arbeid med alternative læringsarenaer og elevar med nedsett funksjonsevne
  • Erfaring / utdanning / kurs innanfor psykiatri, psykososialt arbeid med barn og unge, friluftsliv eller tilsvarande er ønskjeleg.

 

Personlege eigenskapar:

  • Du er tolmodig, men tydeleg, og evnar å sette tydelege grenser når det trengs.
  • Du har god relasjonskompetansar – du bygger tillit og skapar gode relasjonar med elevar, kollegaer og føresette.
  • Du evnar å ta initiativ og setje i gang tiltak til det beste for eleven
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du evnar å jobbe sjølvstendig og ta initiativ, samtidig som du trivst med samarbeid i eit tverrfagleg team

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og utvikling.
  • Moglegheiter for kompetanseheving og fagleg utvikling.
  • Ein meiningsfull kvardag der du bidreg til å gjere ein forskjell for barn og unge
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  Easy Cruit.

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    26.01.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6016579
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune