Företag
Sula kommuneAnsökningstiden
03.11.2024Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6037, EIDSNES
SULA
Antal befattningar
1Karriere-kod
5924766Se här för andra jobb från Sula kommune
Sula kommune
Lærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Solevåg skule søker lærar i vikariat i inntil 100% stilling frå 6.januar 2025 og ut skuleåret 2024/2025, med mogelegheit for forlenging neste skuleår. Oppstart 6.januar, eller etter avtale.
Vi har eit godt lærings- og arbeidsmiljø, flott uteområde og nærleik til flotte naturområde.
Skulen har om lag 200 elevar frå 1.-7. trinn, og SFO.
Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har nettbrett som digitalt verktøy.
Kvalifikasjoner:
Vi ønskjer hovudsakleg søkar med pedagogisk utdanning godkjend for grunnskulen.Personlige egenskaper:
Du er ein trygg og god klasseleiar som også er oppteken av eit godt skulemiljø.Du er lojal mot arbeidsgivar, viser engasjement og har stor kapasitet.
Du er god til å samarbeide, dele og reflektere i eit læringsfellesskap.
Du legg innsats i og ser verdien av eit godt heim-skule-samarbeid.
Du er positiv og bidreg sosialt både inn mot elevar og kollegaer.
Du er oppteken av elevane si faglege og sosiale læring og utvikling.
Du er fleksibel og villeg til å omstille deg når det er behov for det.
Vi tilbyr:
Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert kollegafellesskap.Eit arbeidsmiljø prega av arbeidsglede
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
God opplæring og innføring som nytilsett på arbeidsplassen.
Gratis parkering
Lønn etter gjeldande tariff.
Företag
Sula kommuneAnsökningstiden
03.11.2024Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6037, EIDSNES
SULA
Antal befattningar
1Karriere-kod
5924766Se här för andra jobb från Sula kommune