Company
Øygarden kommuneApplication deadline
24.11.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Glesvær
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5932043Look here for other jobs from Øygarden kommune
Øygarden kommune
Lærar 100% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Spildepollen skule har eit ledig vikariat for lærar i permisjon frå 01.01.25 til 31.07.25.
Spildepollen skule er ein moderne 1 – 7-skule med flotte læringsareal og spektakulære uteområde. Skulen sine satsingsområde er elevmedverknad, elevaktivitet og leik, uteskule og De Utrolige Årene. Skulen har 200 elevar og 32 tilsette.
Arbeidsoppgåver:
- Undervisning på mellomsteget, samt for- og etterarbeid
- Spesialpedagogisk tilrettelegging for einskildelevar og elevgrupper
- Samarbeid med lærarar og utviklingsarbeid
- Samarbeid med andre instansar, t.d. PPT
- Tilsyn i friminutt
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Godkjent lærarutdanning for mellomsteget
Ønskjeleg med:
- Erfaring med undervisning frå barneskulen
- Spesialpedagogisk erfaring og/eller utdanning
Personlege eigenskapar:
- Ein tydleg, raus og trygg klasseleiar
- God relasjonskompetanse
- God samarbeidskompetanse
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål til stillinga.
Linda Selheim, rektor
Linda.selheim@oygarden.kommune.no
Tlf.: 90241258
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
24.11.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Glesvær
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5932043Look here for other jobs from Øygarden kommune