• Company
    Sunnfjord kommune
  • Application deadline
    01.12.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5949329
  • Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
Vacancy

Sunnfjord kommune

Kontaktperson

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjord barnevern har per i dag 27,3 stillingsheimlar. Vi har valt å etablere team for å løyse dei kompliserte og samansette oppgåvene som barnevernet har. Vi har såleis eit undersøkingsteam som avklarar meldingane og gjennomfører undersøkingane. Vi har eit oppfølgingsteam som følgjer opp dei familiane som får hjelpetiltak i heimen. Vi har eit omsorgsteam som følgjer opp plasserte born og deira familiar i fosterheimar og institusjonar. Og vi har eit familieteam som har som mål å utvikle gode tiltaksforløp for å skape positiv endring i familiane.

Vi er opptatt av fagleg kvalitet i tenestene våre og har difor støtteordningar for relevant vidareutdanning. Innan 2030, skal 80% av alle tilsette i barnevernet ha masterkompetanse. Det blir difor sannsynlegvis nødvendig å tilby tilsette utdanning med løn for å innfri dette kravet i tida framover.

Vi har ledig:
  • 2x100 % fast

Generelle arbeidsoppgåver for kontaktpersonane i undersøkings-, oppfølgings- og omsorgsteam

  • følgje opp barnet og vurdere barnet og familien sitt behov
  • samarbeide med barn, ungdom og familiar
  • koordinere og samarbeide med andre instansar
  • utarbeide og følgje opp planar og tiltak
  • sakshandsame i tråd med gjeldande lovkrav
  • møte i tingrett og barnevern- og helsenemnda som kommunen sin part i eigne saker
  • samarbeide med andre team i tenesta og med andre tenester
Kvalifikasjonar:
  • barnevernpedagog eller sosionom, men andre relevante høgskuleutdanningar kan vere aktuelle. Relevant arbeidserfaring vil då vere ei viktig tilleggsvurdering
  • inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre betre. Difor ser vi også etter medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaringar og kjønnsmangfald – og som representerer alternative minoritets- og  kulturperspektiv.
  • du må ha sertifikat klasse B

Dersom du har mastergrad i barnevern, vil du bli plassert i hovudtariffavtalen kap. 4. i stilling med krav om mastergrad.

Personlege eigenskapar:
  • evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • evne til å handtere uavklarte situasjonar og samtidig kunne jobbe målretta og systematisk
  • vise fleksibilitet, kreativitet og samarbeidsevne
  • vere positiv og tolmodig i samarbeid med familiar som er i ein vanskeleg situasjon, slik at ein ikkje påfører unødige bekymringar eller belastningar på barnet eller familien
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • kunne handtere periodar med stor aktivitet og tilhøyrande fristar
Kva vi kan tilby:
  • rettleiing frå teamleiar
  • teammøte kvar veke med felles saksrettleiing og avklaringar
  • fagutvikling og etterutdanning
  • rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr. 20.000,-
  • pensjonsordning i KLP

Du søker elektronisk. 

 

Velkommen som søkar!

 

  • Company
    Sunnfjord kommune
  • Application deadline
    01.12.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5949329
  • Look here for other jobs from Sunnfjord kommune