• Company
    Gulen kommune
  • Application deadline
    09.02.2022
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4330994
  • Look here for other jobs from Gulen kommune
  • Updated 31.01.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Gulen kommune

Konsulent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gulen kommune har ledig 100% vikarstilling som konsulent ved sentraladministrasjonen frå snarast til om lag januar 2023. Det kan verte aktuelt å gjere stillinga om til fast stiling etter at vikariatet er over, då med noko endra arbeidsoppgåver.

Stillinga er knytt til kommunedirektøren sin stab, for tida løn og personalavdelinga, og har kontor på kommunehuset i Eivindvik. Det kan vere høve til heimekontor enkelte dagar etter avtale, når arbeidsoppgåvene og behovet elles tillet dette. Kommunen nyttar IT-verktøya Visma innan løn- og personalarbeid og Acos Websak til sakshandsaming/arkiv. Digitalisering og utvikling av arbeidsprosessar og -verktøy er prioritert høgt i kommunen, og løn- og personalavdelinga er også bidragsytatar i dette arbeidet. 

Hovudarbeidsppgåver

Kommunesektoren er i stadig utvikling, og den som vert tilsett må vere med å bidra til utvikling og betring av prosessar knytt til løn- og personalarbeidet. 

  • Lønskøyring, inkl. førearbeid, etterarbeid, avstemming, kvalitetssikring, kontroll og årsavslutning
  • Sakshandsaming og personalforvaltning jf. lov- og avtaleverk i kommunen
  • Vedlikehald og utvikling av digitale system
  • Vere støttefunksjon i løn- og personalspørsmål for leiarar
  • Det kan også kome andre oppgåver som til dømes sjukelønsrefusjon og oppfølging av pensjon. Og ev. økonomioppgåver på sikt. 

Lønsarbeid vil verte sentralt i denne stillinga. Utover dette vil fordeling av arbeidsoppgåvene kunne tilpassast noko til søkjaren sin kompetanse. 

Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant utdanning og/eller relevant erfaring. Realkompetanse og gode resultat innan arbeidsområdet vil verte vektlagt
  • God IT- og systemkompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Må kommunisere godt på norsk
  • Førarkort klasse B

Ønska kvalifikasjonar: 

  • Erfaring med Visma
  • Erfaring innan offentleg administrasjon
  • God kunnskap om lov- og avtaleverk som gjeld innan arbeidsområdet

Personlege eigenskapar:

  • Må vere nøyaktig, systematisk og pliktoppfyllande
  • Må vere fleksibel, kommunisere og samarbeide godt og vere løysingsorientert
  • Vere sjølvstendig og ha evne til å lære og raskt setje seg inn i nye arbeidsområde 
  • Må kunne jobbe mot tidsfristar og vere stabil. Dette er særs viktig når det gjeld lønsarbeid. 

Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing.

Anna:

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Om søkjaren likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

 

 

 

  • Company
    Gulen kommune
  • Application deadline
    09.02.2022
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4330994
  • Look here for other jobs from Gulen kommune
  • Updated 31.01.2022