• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    11.11.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5929147
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Ledig stilling

Giske Kommune

Kommunalsjef samfunn

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Giske kommune har ledig fast stilling som kommunalsjef samfunn frå 01.01.2025.

Kommunalsjefen har det overordna faglege, økonomiske, personalmessige og administrative ansvaret for tenesteområda innan tekniske tenester, samt service- og kulturområdet. Ansvarsområda er drift og utbygging for veg, vatn og avløp, bygg- og eigedomsforvaltning, byggesak og planarbeid, landbruk og næring, i tillegg til service og kultur.

Kommunalsjefen vil inngå i kommunen si leiargruppe saman med kommunedirektør, to andre kommunalsjefar og to stabsleiarar. Leiargruppa har ansvar for strategi og heilskapleg utvikling av kommunen. Kommunen er i ein økonomisk utfordrande situasjon og det å få økonomien i balanse er høgt prioritert.

Kommunalsjefen er næraste overordna til to einingsleiarar innan teknisk område og ein avdelingsleiar for kultur og service.

Kulturområdet inneheld kulturkonsulent med kulturadministrative oppgåver, kulturskule, frivillegsentral og bibliotek.

Teknisk eining består av 25 tilsette som arbeidar med veg, vatn, avløp, renovasjon, byggesak, reguleringsplanar og oppmåling.

Eigedomseininga har 25 tilsette som jobbar med drift og forvaltning av bygningsmassen til kommunen. Eininga har også ansvar for større prosjekt som utvikling av Gjøsund, og bygging av nye Vigra skule.

Kommunen har eit sterkt fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering som endrar arbeidsmåtar og organisering innan alle tenesteområde. Det er forventa at leiarane er pådrivarar i dette arbeidet.

Innan tekniske tenester er det høg aktivitet ettersom Giske kommune er i sterk vekst både i høve folketals- og næringsutvikling. Når det gjeld kultur har ein eit sterkt ønskje om å styrkje denne tenesta i åra som kjem.

Kommunen vil ha fokus på kvalitet gjennom høg og god fagleg kompetanse innan tenesteområda. Vi ønskjer oss ein tydeleg, engasjert og samlande leiar som kan legge til rette for erfaringsdeling mellom einingane og leie utviklingsarbeidet i lag med dyktige leiarar og tilsette.

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

                   

Kvalifikasjoner:

  • Høgare relevant utdanning frå universitet / høgskule
  • Leiarutdanning er ønskjeleg
  • Erfaring frå fagområda og relevant leiarerfaring
  • Erfaring med omfattande omstillingsarbeid
  • God kjennskap til fagområda
  • God kjennskap til økonomistyring og administrativt arbeid
  • Kjennskap til relevant lovverk
  • God digital kompetanse
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort for bil

Personlige egenskaper:

  • Evne til nytenking og til å motivere til endring og utvikling
  • Evne til involvering, god dialog og samspel - tydeleg, engasjert og samlande
  • Evne til å skape tillit og godt arbeidsmiljø
  • Evne til å jobbe heilskapleg og prioritere innsats og ressursar
  • Ryddig og strukturert
  • Stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr:

  • Eit sterkt fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering innan alle tenesteområde.
  • Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP.
  • Tett samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente leiarar og stabstilsette innan fagområda - i kommunedirektøren sitt tverrfaglege leiarforum og elles i Giske kommune.

Våre verdiar:

  •  Kvalitet - gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling
  •  Løysingsvilje - gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet
  •  Engasjement - gjennom meiningsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede
  •  Respekt - gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande
   

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    11.11.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5929147
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune