• Company
    Gol kommune
  • Application deadline
    02.02.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3550, GOL
    GOL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6010916
  • Look here for other jobs from Gol kommune
Vacancy

Gol kommune

Kommunalsjef oppvekst og kultur

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol er i vekst, og vi søkjer ei engasjert kommunalsjef som kan bidra til å utvikle oppvekst- og kulturområdet. Vår nye kommunalsjef har eit sterkt engasjement for barn og unge sin oppvekst oglæring. Du brenn for nytenking, leiing og samskaping i heile fagområdet. Vi søkjer ein leiar som ogsåbidreg til heilskapleg utvikling av heile Gol kommune, med samskaping på tvers av tenesteområde,med andre offentlege aktørar og lokalsamfunnet.

Sektoren oppvekst og kultur består av tenesteområde, skule, barnehage, vaksenopplæring og kulturmed kulturskule, bibliotek og integrering. Gol vaksenopplæring og intergreringstenesta erinterkommunale tenester.

Sektoren har nær 200 tilsette og eit budsjett i 2024 på 125 millionar kroner.

Kommunalsjefen er ein del av leiargruppa til kommunedirektøren, og bidreg til gode tenesterinnanfor alle tenesteområde til beste for alle innbyggarar i kommunen.

Vi jobbar mykje med å utvikle eit sterkt fellesskap – eit «VI». Hos oss feirar vi feila våre fordi vi ønskerå lære av dei.

Vi er stolte av vår vedtekne «leiarplakat» som omtalar kva god leiing er i kommunen vår.

Vi ønskjer å byggje sterke fellesskap gjennom inkludering, openheit og tillit.

Det går føre seg ei tenestekonseptutvikling i kommunen. Det vil difor kunne bli endringar itenesteområda.

Arbeidsoppgåver:
• Strategisk utvikling av sektoren med tilhøyrande verksemder – du utfordrar status quo ogfremjar nye initiativ
• God personalleiing med fokus på resultat, kompetanse og eit godt arbeidsmiljø – du relatererdeg til andre på ein open og aksepterande måte, og får andre til å føle seg velkommen
• Kommunisere klare mål og forventningar både for organisasjonen, leiarar og medarbeidarar
• Samskaping med kommunens andre verksemder, frivilligheita og lokalsamfunnet – du ser detstore bilete.
• Vidareutvikling av Golskulen, Gol barnehage og kulturavdelinga
• Sikre at lovverk, planar og politiske vedtak blir sett i verk
• Representere kommunedirektøren i møte med folkevalde organ
• Representere Gol kommune eksternt innanfor eigne fagområde
• Sørge for tett og godt samarbeid med leiarar, tillitsvalde, tilsette og folkevalde
• Vere pådrivar i interkommunalt samarbeid
• Vere bindeledd for Universitet Universitetet i Sørøst-Norgesom gjeld tilbod om høgare utdanning (grunnutdanning og vidareutdanning) i regionen

Kvalifikasjonar:
• Høgare relevant utdanning
• Solid leiarkompetanse
• God kunnskap om oppvekstområdet og offentleg forvaltning
• God økonomi- og budsjettforståing
• Kunnskap om politiske prosessar
• God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi ønsker at du er:
• Ein varm relasjonsbyggar som trivst i dialog med fagmiljø, tillitsvalde, eigne medarbeidarar og folkevalde
• Ein person med ei sterk evne til heilskapleg, innovativ, analytisk og strategisk tenking
• Involverande og engasjert, med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Ein leiar med god gjennomføringsevne
• Tydeleg, målretta, utviklings- og løysingsorientert
• Ein leiar med ein trygg og tillitskapande leiarstil
• Robust og har evne til å stå i krevjande situasjonar over tid
Personleg egnethet vil bli gitt stor vekt

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Company
    Gol kommune
  • Application deadline
    02.02.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3550, GOL
    GOL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6010916
  • Look here for other jobs from Gol kommune