Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
03.06.2019Stillingsfunksjon
HelsepersonellAnsettelsesform
workTime.VikariatBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
PåkrevetØnsket Språk
norskAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
1770495Se her for andre jobber fra Gol kommune
- Oppdatert 20.05.2019
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gol kommune
Jordmor
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Jordmor, 30% vikariat
Frå 01.08.19 - 01.06.20 er det ledig eit 30% vikariat som jordmor ved helsestasjonen i Gol. Vikariatet har bakgrunn i at noverande jordmor skal arbeide med prosjekt.
Helsestasjonen har for tida 2 jordmødre og 4 helsesjukepleiarar og held til i gode, trivelege lokale i same bygg som legekontoret.
Tenesta er organisert under helseavdelinga, med avdelingsleiar som næraste overordna og fagleiar som ansvarleg for dagleg drift.
Stillinga krev nært samarbeid med andre kommunale og interkommunale tenester for barn og unge
Arbeidsoppgåver:
* Skulehelseteneste
* Helsestasjon for ungdom
* Kvinnehelse/ barselomsorg
Kvalifikasjonar:
* Jordmor med autorisasjon
Personlege eigenskapar:
* Gode samarbeidsevner
* Evne til å arbeide sjølvstendig
* Engasjement
* Gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr:
* Eit godt arbeidsmiljø i lyse og trivelege lokale
* Varierte og spennande arbeidsoppgåver
* Tverrfagleg samarbeid
For stillinga gjeld:
* Lønn etter stilling og ansiennitet
Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Anna:
Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.
Du får berekna ansiennitet for all offentleg teneste, samt relevant privat teneste. Dersom du har vore heime med barn eller hatt anna omsorgsarbeid må du fylle det inn som arbeidserfaring. Du kan få berekna inntil 3 år med ansiennitet for omsorgsarbeid.
I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Send søknad:
Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytt til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.
Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du "Registrere søker" for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune, har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instruksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
03.06.2019Stillingsfunksjon
HelsepersonellAnsettelsesform
workTime.VikariatBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
PåkrevetØnsket Språk
norskAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
1770495Se her for andre jobber fra Gol kommune
- Oppdatert 20.05.2019