Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
16.02.2020Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
2403043Se här för andra jobb från Fjaler kommune
- Uppdaterad 16.01.2020
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Fjaler kommune
Interessert i å løyse viktige samfunnsoppgåver? Om du er sjukepleiar eller vernepleiar treng vi di kompetanse.
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi er interessert i å finne gode løysingar i oppgåvene vi utfører for dei som treng det mest. Deler du denne interessa og vil bli ein del av vårt team? Våre tenester vert no tilpassa ny organisering for å møte framtidas behov, og vi har spanande oppgåver til både nyutdanna og dei med lang erfaring.
Vi har for tida ledig ei 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar ved Fjaler sjukeheim, avdeling for langtid.
Som sjukepleiar eller vernepleiar hos oss vil du ta del i 3-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- Delta i det daglege arbeidet slik at tenestene sine arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og forsvarleg måte
- Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar
- Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane
- Jobbe kunnskapsbasert
- Jobbe for auka fagleg utvikling
- Tverrfagleg oppfølging
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, gjerne med vidareutdanning innan demensomsorg
- Førarkort klasse B
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert
- Sjølvstendig
- God på kommunikasjon
- Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
- Engasjement for eldreomsorg
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Introduksjonsprogram for nytilsette
- Løn etter utdanning og erfaring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
16.02.2020Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
2403043Se här för andra jobb från Fjaler kommune
- Uppdaterad 16.01.2020