Company
MattilsynetApplication deadline
05.01.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Direktorater og tilsynsorganEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
Number of positions
1Career-kode
5978291Look here for other jobs from Mattilsynet
Mattilsynet
Inspektør/førsteinspektør
Direktorater og tilsynsorgan
Mattilsynet er opptatt av å sjå matproduksjonen frå start til slutt, frå jord til bord, det såkalla heilkjedeperspektivet. Kjøtkontroll og tilsyn med slakteri er veldig viktig i denne heilkjedetanken. Det omfattar mellom anna tilsyn med dyretransport, dyrevelferd og dyrehelse hos levande dyr på slakteriet, hygieniske forhold under slakting og nedskjæring og vurdering av patologiske endringar på slaktet. Den store bredda i fagområdet gjer at arbeidet er spennande og utfordrande.
Avdeling Sunnfjord og Sogn ligg i Vestland fylke i Region Sør og Vest. Avdelinga har tilsaman 23 tilsette fordelt på 3 kontorstader: Førde, Sogndal og kjøtkontroll ved Nortura Førde.
Vi har ledig faste stilling som kontrollteknikar i Førde. Stillinga er primært i kjøtkontrollen/slakteritilsyn og lokalisert i Holtemyrane 6, kor slakteriet ligg.
Mattilsynet er ein kunnskapsorganisasjon som legg stor vekt på kompetanseutvikling og å dele kunnskap på tvers av fagområde. Teamarbeid står sentralt i organisasjonen. Som medarbeidar i Mattilsynet får du fagleg utvikling og kan påverke eigen arbeidssituasjon. Mattilsynet er ein viktig samfunnsaktør og må heile tida vere i endring for å takle nye utfordringar.
Mattilsynet er midt i ein organisasjonsutviklingsprosess med omlegging frå ein regionstruktur til tilsynsdivisjonar. Denne modellen dyrkar i større grad ein brukerretta inndeling, og legg vekt på faglege og ressursmessige synergiar. Ny organisering legg betre til rette for samhandling med interessentar og behovet til brukarane, og bidrar til ein meir strategisk utvikling av den offentlege kontrollen innanfor dei ulike tilsynsområda. Mattilsynet skal ved ny organisering bestå av eit hovudkontor/direktorat og eit operativt tilsyn som vil vere inndelt i fire fagorganiserte divisjonar istadenfor dagens organisering med hovudkontor og fem geografiske regionar. Tilsynsdivisjonane blir igjen delt opp i avdelingar. Den nye organisasjonen skal vere operativ frå 1.mai 2025.
Kvalifikasjoner:
- Den som skal vere kontrollteknikar må ha gjennomført kjøtkontrollteknikarkurs, med bestått eksamen og erfaring frå kjøtkontroll. Om du ikkje har det, vil du måtte ta kurs, opplæring og eksamen i Mattilsynet.
- Det er ein fordel om du har erfaring frå kjøtkontroll, offentleg forvaltning eller anna tilsynsarbeid. Kunnskap, utdanning og erfaring frå eit eller fleire av etatens fagområde vil bli vektlagt.
- Du må snakke og skrive flytande norsk.
- Du er fortruleg med å bruke IKT-verktøy og å ta i bruk nye digitale løysingar.
- Du har førarkort klasse B.
Personlige egenskaper:
- Du liker å jobbe i ei faggruppe og har gode samarbeidsevner, men må også kunne jobbe sjølvstendig.
- Du er fleksibel, engasjert og kommuniserer klart og tydeleg, men du må også vere tolmodig, lyttande og imøtekommande.
- Du er løsningsorientert og har evne til å prioritere, samt å følge prioriteringar.
- God forståelse av tilsynsrollen.
- Du kan jobbe effektivt og nøyaktig, samt å handtere ein hektisk arbeidskvardag med ulike arbeidstider. I periodar av året vil det vere noko ettermiddags- og kveldsarbeid.
- Du bidrar til et positivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr:
- Fast stilling som inspektør (stillingskode 0676) eller for særs godt kvalifiserte søkjarar kan kode 1498 førsteinspektør bli vurdert. Løn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse, for tida fra kr. 480.000 til kr. 550.000 for tilsvarande stillingar i Mattilsynet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
- Ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
- Arbeid med eit spanande og viktig samfunnsoppdrag, i ein organisasjon i endring
- Ordna arbeidsforhold med betalt overtid
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode pensjons-, lån- og forsikringsordningar.
Slik søkjer du
Søknader vert berre motteken elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem WebCruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan legge inn søknaden.
Vi ber om at du registrerer fullstendig CV, og laster inn vitnemål og attestar som vedlegg.
Company
MattilsynetApplication deadline
05.01.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Direktorater og tilsynsorganEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
Number of positions
1Career-kode
5978291Look here for other jobs from Mattilsynet
-
Fysioterapeut
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Heimehjelp - heimetenesta i Balestrand
Sogndal kommune
Balestrand -
Ledige stillingar som sjukepleiar og helsefagarbeidar
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Fagarbeidar/assistent - Skattebøl barnehage
Ål Kommune
ÅL -
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar
Aukra kommune
AUKRA