• Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    27.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6261139
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
Ledig stilling

Hå kommune

Innbyggarveileder

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ein tysdag føremiddag kjem ein eldre kar inn døra på rådhuset. Han har fått eit brev han ikkje heilt forstår. Bak han står ei kvinne med barnevogn, som treng hjelp med barnehagesøknaden. I innboksen ligg fleire e-postar frå innbyggarar som spør om situasjonskart, nabolister og om dei må betala for å kasta ein sofa ved gjenvinningsstasjonen….

Midt i dette står du – roleg, blid og klar til å hjelpa. Og kanskje du har ein tanke om ein ny måte å jobba på, som gjer det enklare for både innbyggar og saksbehandlar.

Me i Hå kommune ser no etter ein innbyggarveileder som kan vera med oss i kvardagen – der det skjer. Du må lika folk, vera trygg på digitale løysingar og ha lyst til å gjera kommunen vår endå betre for dei som bur her.

Dette er eit vikariat i 100 % stilling fram til 1. august 2026, med oppstart så snart som råd.

Kva du skal gjera:
• Behandla saker som gjeld konsesjon, parkeringskort og skjenkeløyve, og hjelpa folk med søknader, kart og nabolister m.m.
• Bruka og utvikla digitale løysingar som gjer kvardagen enklare for innbyggarane.
• Snakka med folk og skriva til dei på ein måte dei forstår.
• Bidra til at Hå blir ein endå meir open og driftig servicekommune.

Kven du er:
• Du likar å hjelpa – og du gjer det med eit smil.
• Du er god på data og digitale verktøy.
• Du er strukturert, sjølvstendig og får ting gjort.
• Du har gjerne erfaring frå servicetorg/innbyggarservice, teknisk sektor eller offentleg forvalting.
• Du er god til å formidla på norsk – både munnleg og skriftleg.
• Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Kvifor du vil jobba her:
Du får vera med på å gjera ein forskjell – kvar dag. Du får kollegaer som bryr seg, og ein arbeidsplass midt i hjarta av kommunen. Og du får vera med og forma korleis innbyggarservicen i Hå skal vera framover.

Løn etter avtale.

Har du spørsmål? Ring kommunikasjonssjef Hilde Eidsaa Bjorland på 99 70 18 02 eller send e-post til hibj@ha.kommune.no.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    27.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6261139
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune