Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
26.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6010912Se her for andre jobber fra Gol kommune
Gol kommune
Ingeniør veg, vatn og avløp
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
100 % fast stilling
Kommunalteknisk avdeling har 11 tilsette. Avdelinga har ansvar for planlegging, prosjektering, drift og vedlikehald for fagområda veg, vatn, avløp og renovasjon. Avdelinga har ledig stilling som avdelingsingeniør.
Arbeidsoppgåver:
• Prosjektleiing for rehabiliteringsprosjekt innan veg, vatn og avløp
• Forvaltning og saksbehandling innan veg og trafikktryggleikstiltak
• Forvaltningsoppgåver og oppfølging av myndighetene sine krav innan vatn og avløp
• HMS og internkontroll
• Rammeavtaler og enkeltanskaffingar i tråd med regelverket for offentlege innkjøp
Arbeidsoppgåver kan avhenge av dei varierande behov kommunen har og søkars kvalifikasjonar.
Ønska kvalifikasjonar:
• Relevant utdanning frå høgskule/universitet
• Relevant praksis frå offentleg eller privat verksemd kan kompensere for manglande formell utdanning
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er nødvendig
• Generell IKT kompetanse, og kjennskap til relevante IKT-verktøy
• Førekort klasse B
Vi legg stor vekt på personlige eigenskaper.
Vi ynskjer at du:
• Har god arbeidskapasitet og er serviceinnstilt
• Tek initiativ og leier an når oppgåver skal løysast
• Har god samarbeidsevne og kan arbeide sjølvstendig
• Er løysingsorientert og analytisk
• Har blikk for detaljer, men evne til å sjå detaljane i samanheng med heilhet og vedteke mål
Vi tilbyr:
• Utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg miljø
• Fagleg utvikling og oppdatering
• Lønn etter avtale
• God pensjonsordning
• Hjelp til å skaffe bustad og ev. barnehageplass
For stillinga gjeld:
Tilsetjing etter gjeldande lover og avtaleverk
Anna:
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
26.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6010912Se her for andre jobber fra Gol kommune