Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
10.08.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6285165Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ål Kommune
Helsesjukepleiar / Sjukepleiar
Offentlig forvaltning
Er du løysingsfokusert og ynskjer å vera med å bygge laget rundt bornet og deira familie og nettverk?
Er du ein relasjonsbyggar og har barnets beste i fokus?
Ynskjer du spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit entusiastisk og solid fagmiljø?
Då ynskjer vi deg velkommen til vårt team!
Me har ledig 100% fast stilling som helsesjukepleiar frå september 2025.
Me i Familiens Hus, har eit godt arbeidsmiljø der det er plass til både fagleg fordjuping, humor i kvardagen og eit godt fellesskap. Me har faste fagmøter, veiledning og arbeider tverrfagleg både innad i avdelinga og med samarbeidspartar. Vi er ei nytenkjande teneste i utvikling. Dette gjer arbeidskvardagen variert og spennande. Vi ser etter deg som brenn for born og unge. Me har eit mål om at det skal vera godt å vekse opp i Ål.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som helsesjukepleiar.
- Sjukepleiar som er i utdanning til helsesjukepleiar eller som har planar om dette, oppfordrast til å søke.
- Interesse for oppfølging av barn og familiar.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Den som blir tilsett må ha førarkort kl. B og må disponere bil.
Arbeidsoppgåver
- Helsefremjande og førebyggande oppgåver for tenesta i samsvar med lokale og nasjonale retningsliner og rutiner.
- Delta i tverrfaglege team i tett samarbeid med oppvekstsektoren og andre tenester.
- Skulehelseteneste i grunnskule og vidaregåande skule.
- Vaksinering.
- Andre aktuelle oppgåver i Familien hus ut frå kvalifikasjonar og behov.
Personlege eigenskapar
Me ynskjer at du:
- Er dyktig og engasjert i helsefremmande og førebyggande arbeid for born, unge og deira familiar.
- Er ein god relasjonsbyggjar.
- God på kommunikasjon og rettleiing.
- Har evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
- Er positiv og løysingsorientert.
- Har evne til nytenking.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me tilbyr
- Interessante arbeidsoppgåver knytt til familiar, barn og unge
- Eit godt etablert tverrfagleg miljø og gode system for samarbeid med andre
- Godt arbeidsmiljø med erfarne, trygge og kunnskapsrike kollegaer
- Internundervisning, fagleg utvikling og rettleiing
- Lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk
- Pensjonsordning i KLP
Søknad og politiattest
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Velkomen som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
10.08.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6285165Se her for andre jobber fra Ål Kommune