Company
Sogndal kommuneApplication deadline
15.09.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5839722Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 03.09.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sogndal kommune
Helsesjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du vår nye kollega i ei spennande og viktig teneste for barn og unge?
Eininga helsestasjon er ein del av sektor oppvekst og består av ulike deltenester. I tillegg til å tilby helsestasjon – og skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom, arbeidar helsestasjonen også med minoritetshelse og smittevern.
På helsestasjon jobbar det flest helsesjukepleiarar, men også tilsette frå andre fagprofesjonar som barnekoordinator og psykolog. Me er samlokalisert med jordmortenesta og fysio – og ergoterapitenesta. Me samarbeider tett med andre tenester internt og eksternt for å sikre at alle barn, unge og deira familiar får den heilskaplege og naudsynte oppfølginga og støtta dei treng.
Me styrkar det førebyggjande arbeidet for barn og unge i kommunen og søkjer etter ein engasjert helsesjukepleiar i 100 % fast stilling.
Arbeidsoppgåver:
Helsestasjon - og skulehelseteneste
Individuelle konsultasjonar og oppfølging av barn, unge og familiar
Tverrfagleg samarbeid
Arbeidsoppgåver og arbeidsstad vert avtala med leiar ut frå kvalifikasjon og drift.
Kvalifikasjonar:
Må ha:
Godkjend helsesjukepleiarutdanning
Sjukepleiar under helsesjukepleiarutdanning kan tilsetjast
Sjukepleiarar kan tilsetjast i vikariat ved fråvær av kvalifiserte søkjarar
Ønskjeleg med:
Erfaring frå arbeid i helsestasjon – og skulehelsetenesta.
Erfaring frå arbeid med barn og unge
Erfaring med fagprogrammet HsPro og elles gode dataferdigheiter
Foreldrerettleiingskompetanse
Personlege eigenskapar:
Til vår stilling ser me etter helsesjukepleiar med evne til å arbeida målretta og sjølvstendig, samstundes som du er ein god lagspelar. Du har gode samarbeidsevner og er fleksibel. Vidare ser me etter deg som har godt humør, motivasjon og engasjement for helsefremjande og førebyggjande arbeid. Du har stor arbeidskapasitet og god evne til organisering av eige arbeid. Me ser etter deg som synes endring kan vera spennande, og som er løysingsorientert og omstillingsdyktig.
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Reiseverksemd må påreknast. Søkjar må ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i tenesta.
Me tilbyr:
Ein meiningsfylt arbeidskvardag der ingen dagar er like
Tett samarbeid med andre tenester som jobbar med barn og unge
Stort fagmiljø, og høgt fagleg nivå
Ein spanande jobb i eit arbeidsmiljø der alle skal trivast
Dagarbeid og fleksitid
Kollegarettleiing
Leasingbil i tenesta
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
15.09.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5839722Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 03.09.2024