Company
Vestnes kommuneApplication deadline
31.10.2024Form of employment
Fixed contractIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6390, VESTNES
VESTNES
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5838622Look here for other jobs from Vestnes kommune
- Updated 08.08.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Vestnes kommune
Helsesekretær/sjukepleiar - tilkallingsvikar
Offentlig forvaltning
Det er ledig som tilkallingsvikar for helsesekretær ved Vestnes Legesenter frå omgåande. Vil du være med på laget saman oss?
Arbeidet på legesenteret er organisert med rotasjon på 4 arbeidsstasjonar:
Laboratorium: prøvetaking, diverse analyser samt klargjering av prøver til sending. Ta EKG, spirometri og 24 timars blodtrykk.
Skiftestue: bistå legane i pasientbehandling og gjennomføre behandling ordinert av lege som f.eks. sårbehandling, medikamentinjeksjonar m.m.
Resepsjon: betjene sentralbord, ta imot pasientar samt handtere oppgåver som desse henvendelsane genererer.
Arkiv: svare på telefonar og utføre oppgåver i samband med dette, arkivere dokument, sortering av post samt anna førefallande kontorarbeid.
Det er tilsett bioingeniør ved legesenteret.
Kvalifikasjonar
Du må ha fagbrev som helsesekretær eller autorisasjon som sjukepleiar
- erfaring frå arbeid ved legekontor
- beherske norsk muntlig og skriftlig. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- datakunnskap
- ha gode kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
- du må være faglig engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i et hektisk miljø
Vi tilby
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referanse
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Aktuelle søjerar vert innkalla til samtale eller intervju.
Company
Vestnes kommuneApplication deadline
31.10.2024Form of employment
Fixed contractIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6390, VESTNES
VESTNES
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5838622Look here for other jobs from Vestnes kommune
- Updated 08.08.2024