Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
29.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6258693Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ål Kommune
Helsefagarbeidar - korttidsavdeling
Offentlig forvaltning
Ønskjer du utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer? Ønskjer du å yte tenester med fokus på fagleg kvalitet i trygge rammer for både tilsette og tenestemottakarar? Som tilsett i Ål kommune blir du en del av eit team som vektlegg gode dagar, trivsel og kvalitet i møte med pasientar, pårørande og kollegaer. Du vil ha gode kollegaer rundt deg som står klar for å hjelpe og støtte deg.
Lyst til å bli ein del av vårt team? Me ynskjer oss ein kollega med gode omsorgsevner og som trivst med å jobbe mot felles mål.
Arbeidsoppgåver
- Utføre rehabiliterende- , pleie- og omsorgstiltak med fokus på meistring og bidra til å skape "den gode dagen".
- Observere og delta i tverrfageleg samarbeid rundt pasienten.
- Medikamenthandtering etter gjeldande prosedyre.
- God ivaretaking av pasientar og pårørande.
- Kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid.
- Bidra med rettleiing og internundervisning.
- Gje god kollegastøtte i kvardagen.
- Bidra med andre arbeidsoppgaver i avdelingen.
- Dokumentasjon og journalføring dokumentasjon i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og retningsliner. Ål kommune nyttar Gerica som journalsystem.
Me ynskjer å jobbe med deg som
- Har autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning.
- Har, eller er villig til å skaffe deg, godkjent kurs i medikamenthandtering.
- Beherskar norsk svært godt, både skriftleg og munnleg.
- Trivst med faglege utfordringer.
- Er raus, fleksibel, samarbeidsvillig og løysningsorientert.
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og har evne til å skape tillit.
- Er pliktoppfyllande, påliteleg, lojal og grundig.
- Bidreg til eit godt fagmiljø.
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Me tilbyr
- Positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø.
- Todelt turnus.
- Fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
- Høgt fagleg nivå og god fagdekking.
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Tilrettelagde og nye lokale.
- Fadderordning.
- Rabattert pris på treningssenter.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale og gunstige lokale tillegg.
- Pensjonsordning i KLP.
Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning, og det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Hallinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobilt ferdigheitstrening og regionale fagkurs.
Politiattest og søknad
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
29.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6258693Se her for andre jobber fra Ål Kommune