Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
28.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6258691Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ål Kommune
Sjukepleiar - kortidsavdeling
Offentlig forvaltning
Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og har eit klinisk blikk for å oppdage tidlege sjukdomsteikn?
Vil du bidra i arbeidet med å aktivisere og stimulere pasientar til å hente ut sitt rehabiliteringspotensiale og få fram glede og trivsel i kvardagen? Pasientgruppa er variert med ulike diagnoser og behandlingsopplegg, der hovudmålet med opphaldet som regel er heimreise.
Me søkjer etter sjukepleiar til Gjestetunet, og me kan tilby stilling med fagleg utfordrande, varierte og spennande arbeidoppgåver.
Vi har ei svært varierande pasientgruppe med ulike behov og samansette diagnosar som gir rom for fagleg utvikling. Kommunen er i gong med utviklingsarbeid for å forbetre tenestene i møte med demografiske endringar. I samarbeid med dei tilsette jobbar med å ei meir robust oppgåvefordeling, fokus på førebygging, meistring og rehabilitering.
Arbeidsoppgåver sjukepleiar
- Sjukepleiarfaglege prosedyrar og kliniske oppgåver.
- Ivareta pasientane sine behov og mål i samarbeid med pasienten sjølv og pårørande.
- Observere, planlegge, gjennomføre og evaluere pleie og medisinsk behandling i samarbeid med kollegaer, lege, ergoterapeut og fysioterapeut.
- Dokumentasjon i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer.
- Klinisk rettleing av medarbeiderarar og studentar.
- Deltaking og ansvar for legevisitt etter vaktplan.
- Kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid.
- Enkelt laboratorearbeid.
- Gje god kollegastøtte i kvardagen.
- Bidra til å skape godt fagmiljø.
Me ynskjer å jobbe med deg som
- Har norsk autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relvant vidareutdanning.
- Vil vere aktiv bidragsyter til kunnskapsbasert praksis og utvikle egen arbeidsplass.
- Trivst med faglege utfordringar.
- Bidreg til at brukarar blir fagleg, individuelt ivareteke og arbeider aktivt for å auke deira eigenmeistring og livskvalitet.
- Er fleksibel, samarbeidsvillig og løysningsorientert.
- Beherskar norsk svært godt, både skriftleg og munnleg, minimum B2 - nivå.
- Er god på å motivere og rettleie.
- Evnar å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg.
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø med humor, arbeidsglede og lojalitet.
Personleg eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Me tilbyr
- Positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø.
- Todelt turnus.
- Fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
- Høgt fagleg nivå og god fagdekking.
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Tilrettelagde og nye lokale.
- Fadderordning.
- Rabattert pris på treningssenter.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale og gunstige lokale tillegg.
- Pensjonsordning i KLP.
Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning, og det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Hallinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobilt ferdigheitstrening og regionale fagkurs.
Politiattest og søknad
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
28.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6258691Se her for andre jobber fra Ål Kommune