Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
10.03.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6081703Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Øygarden kommune
Helsefagarbeidar i Heimetenesta
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du glad i ansvar, raus i møte med menneske og kreativ i jakta på dei gode løysingane? Vi ser etter deg som er ein engasjert og motivert helsefagarbeidar!
Til stillinga ser vi etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeider i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjon-/samarbeidsevner er gode. Som helsefagarbeidar i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.
Vi søkjar akkurat deg som er:Omsorgsfull – raus – engasjert - lojal
og har;Humor – livsglede - mot
Kva får du hos oss?Som vår nye kollega vil du kunna få 75 - 100% stilling i årsturnus med 16 arbeidshelger (eventuelt fleire mot kompensasjon), årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollega, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hos oss vil du og ha gode pensjons – og forsikringsordningar. Du har høve til å søke startlån utan krav om eigenkapital gjennom kommunen. Gratis parkering.
Vår visjon er å skape framtidas heimeteneste!Vi treng nettopp deg som er motivert og som har lyst til å være med oss å realisere denne visjonen
Kven er så du?Du har utdanning som helsefagarbeidar, har førarkort og om du har erfaring frå heimetenesta er det ein fordel. Du er strukturert og evnar å halde oversikt. Du må kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre samt bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdiar; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement. Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer.
Om du kjenner deg igjen, bli med oss på laget!Kontakt
Ass. Einingsleiar Kate S. Løland, tlf 56160502 / 950 71 121
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal spegla folkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
10.03.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6081703Se här för andra jobb från Øygarden kommune
-
Avdelingsleiar 100% fast
Øygarden kommune
Straume -
Helsefagarbeidar på natt
Øygarden kommune
Straume -
Tilkallingsvikarar i heimetenesta
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar til nattstilling
Øygarden kommune
Straume -
Vil du vere med å bidra at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune
SOGNDAL