• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    22.07.2025
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6283816
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
Vacancy

Øygarden kommune

Helsefagarbeidar 80% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø på Sundheimen ?

Sundheimen søkjer ein engasjert og fagleg sterk helsefagarbeidar som vil vere med og forme framtida for eldreomsorga. Er du engasjert og ønskjer gode arbeidsvilkår, fagleg utvikling og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg!

Vi i Øygarden kommune arbeider aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette. For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av avdelingar og mellom faggrupper finn stad.

Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert, effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester.

Om oss

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet, er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Fire av 20 omsorgsbustader som ligg i nabobygget er drifta av Sundheimen. Sundheimen og omsorgsbustadane har i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.

Som helsefagarbeidar hjå oss får du jobbe i eit tverrfagleg team i eit kunnskapsrikt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har god helsefag- og sjukepleiarkompetanse der vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv, behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi har eigne kjøkkenassistentar på kvar gruppe dagleg.

Vi har frivillige som hjelper oss med aktivitetar som bingo, andakt og besøksvenn kvar veke. Vi ønskjer det beste for våre brukarar og legg til rette for kjekke aktivitetar i kvardagen. Vi har stort fokus på arbeidsmiljø. Vi har det kjekt i lag på jobb, og du vil garantert bli tatt godt i mot som vår nye medarbeidar.

Om stillinga

Stillingane inngår i årsplan med arbeid dag /kveld og 16 helger pr år.. Ved ønskje om større stilling kan timebank bli vurdert. Frå 1.desember er det ny årsplan og da kan langvakter og / eller 12 helger vurderast.

Arbeidsoppgåver:
  • Pasientretta arbeidsoppgåver i sjukeheimsavdeling
  • Dagleg avdelingsarbeid i samarbeid med service assistentar.
  • Ha fokus på pasientar og bidra til tverrfagleg samarbeid saman med sjukepleiar, fysioterapeut og lege.
  • Rettleie lærlingar og elevar
  • Delegert ansvar for medikamenthandtering
  • Sørgje for god samhandling og dokumentasjon i gjeldande fagsystem
Kvalifikasjonar: 
  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
  • Relevant erfaring
Må ha:
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Digital kompetanse
  • Krav om gyldig politiattest 
Eigenskapar:
  • Gjerne erfaring frå arbeid i eldreomsorg
  • Har god evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du er lærelysten, tar ansvar og nyttar kunnskap i praksis
  • Du er løysningfokusert og engasjert,
  • Du er fleksibel,  positiv og ønskjer å skape gode augneblikk for pasientar
  • Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
  • Du er trygg i dialog med pårørande og kommuniserer tydeleg
  • Personleg eignaheit vert vektlagt
Anna:

Stillingane er ledig frå 1.september

Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Du køyrer mot trafikken, parkerer gratis og det er mogleg å lade
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Variert arbeid og faglege utfordringar i eit positivt og inkluderande miljø
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 
Kontakt:

Einingsleiar : Janne Thode , 56160400/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no

Avdelingsleiar : Silje Skagen Heimdal  , 56160400 / 91635608 Silje.skagen@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    22.07.2025
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6283816
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune