Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
10.11.2024Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5932039Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Øygarden kommune
Helsefagarbeidar 67% vikariat (våken nattevakt)
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Vågaleitet omsorgsteam yt tenester til menneske med ulike hjelpebehov som bur i eigne bustader. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, medverknad, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt. Vi er ei flott og tverrfagleg samansett personalgruppe beståande av vernepleiarar, hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar.
Arbeidsoppgåver:- Arbeidet er primært knytt opp mot ein brukar med hyppig tilsyn og oppfølging
- Handtering av akutte hendingar som kan oppstå på natt
- Arbeid knytt til Helse og omsorgstenestelova kap 9.
- Fagbrev innan helsefag.
- Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Sertifikat klasse B
Andre med relevant erfaring kan bli vurdert
Ønskjeleg med:- Erfaring frå liknande arbeid
- Fleksibel
- Kan jobbe sjølvstendig og er løysingsorientert
- Gode samarbeidsevner
- Strukturert
- Bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø
- Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg egna
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Turnus har 10 timars vaktar og arbeid kvar 3 helg.
- Periodar med inntil 4 vaktar på rad.
- Dersom internt opprykk kan du bli vurdert til ei anna ledig stilling.
- Vikariat frå 04.12.24 - 03.09.25
Avd.leiar Vågaleitet Vivian Kvinge tlf 55 09 68 99 / 41 41 55 21
Einingsleiar Kristin Straume tlf 56 12 22 12/99 79 95 26
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
10.11.2024Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5932039Se här för andra jobb från Øygarden kommune