Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
23.08.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6664662Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 08.07.2026
Sunnfjord kommune
Helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Førde heimeteneste eining 2, har base på Prestebøen 8 i Førde, og er ei av totalt seks heimetenester i Sunnfjord kommune. Vi yter tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til heimebuande. Eininga har om lag 40 årsverk. Heimetenesta har fokus på implementering av velferdsteknologi. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg. Vi ønsker å vere ei levande teneste med framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre! Vi ønsker å finne dyktige tilsette som vil vere med på dette. Er det deg?
Helsefagarbeidarar 100 % stilling- 100 % fast stilling for helsefagarbeidar frå 01.09.2026- 100 % mellombels stilling for helsefagarbeidar i perioden 10.09.2026 - 05.05.2027.
Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag i todelt turnus med arbeid på laurdag og søndag.
Krav til søkar:- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- må kunne beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
- førarkort klasse B
Vi ynskjer at du:
- har stor arbeidskapasitet
- bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
- har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
- er trygg på å jobbe sjølvstendig
- har gode samarbeidsevner og bidrar til godt teamarbeid
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kva kan vi tilby?- engasjerte kollegaer og leiarar som vil utvikle Førde heimeteneste vidare
- eit inkluderande arbeidsmiljø
- pasientnært fokus med varierte arbeidsdagar
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Du må søke elektronisk og søknaden må innehalde referansar.
Politiattest må leverast før start i stilling.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
23.08.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6664662Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 08.07.2026
-
Me ynskjer fleire dyktige helsefagarbeidarar til Balestrand helsetun og heimeteneste
Sogndal kommune
Balestrand -
Sjukepleiar
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Nattevakt og helgestilling
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Skap trygge og gode dagar – bli helsefagarbeidar hos oss
Gol kommune
GOL -
Maskinsjef Stårheim-Isane, pt. MF Selje
Fjord1 ASA
STÅRHEIM