Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
22.12.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5980165Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Helsefagarbeidar 30% vaken nattevakt på helg
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Grønebakkane yter heildøgns omsorgstenester til personar med psykisk utviklingshemming som bur i døgnbemanna bufellesskap og eigne bustadar knytt til ein base. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring vert lagt stor vekt på. Stillinga er fast vaken nattevakt på helg i årsturnus med 16 helger. Nokon få enkeltdagar utanom helg blir og plassert i løpet av turnus.
Vi er ei flott og tverrfagleg personalgruppe beståande av vernepleiar, sjukepleiar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Bufellesskapet ligg sentral i Skogsvåg nær offentleg transport og Kommunedelsenter.
Arbeidsoppgåver:- Yte bistand og rettleiing til bebuarar på kveld og morgon.
- Tilsyn og syte for å tryggje bebuarar gjennom natta
- Medisinhandtering
- Autorisert helsefagarbeidar
- Andre med erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurdert om det ikkje er andre kvalifiserte søkjarar.
- Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg
- Erfaring frå liknande arbeid
- Kompetanse på tenesteutøving for menneske med komplekse bistandsbehov knytt til utviklingshemming, ulike former for psykiske lidingar og åtferdsproblematikk.
- Fleksibel
- Gode samarbeidsevner
- Kan jobbe sjølvstendig og er løysningsorientert
- Bidra til et godt arbeidsmiljø ved å framme det positive
Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg eigna
Anna:- Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik :
- 1. studieår kr 10.000 over sentral garantiløn
- 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn
- 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn
- Du må dokumntere kor langt du er komen i studiet
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Ninni Ludvigsen, avdelingsleiar. Telefon: 45 73 55 63
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
22.12.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5980165Se her for andre jobber fra Øygarden kommune