Company
Kvam Herad i BrønnøysundApplication deadline
30.09.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
Fixed contractIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
ØnskeligWork experience
ØnskeligAddress
5630, STRANDEBARM
KVAM
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5881993Look here for other jobs from Kvam Herad i Brønnøysund
- Updated 13.09.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Kvam Herad i Brønnøysund
Helgestillingar Strandebarm omsorg
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du vår nye medarbeidar?
Strandebarm omsorg søkjer etter helgevikarar. Me ynskjer deg som er engasjert, har overskot, og likar tanken på å arbeida med og for eldre. Arbeidstida er på helg. Du kan velja mellom 2. kvar eller 3. kvar helg. Turnusen er todelt, altså du varierer mellom å jobba dagvakt og kveldsvakt.
- Målsetjinga vår er at Strandebarm Omsorg skal vera ei plass der det er godt å bu. Saman med dei andre tilsette jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.
- I det fleirfaglege miljøet vårt, og saman med pasientar er me opptatt av at dei tilsette kommuniserer og samarbeider godt.
- Strandebarm omsorg er organisert under avdeling for heildøgns tenester og heimesjukepleie. Det er totalt 26 bustadar.
Me har for tida prosjektet matvert i avdelinga og treng ny rekruttering til ein av desse stillingane også. Er du student og over 16 år kan kanskje dette vera noko for deg?
Ta kontakt med gruppeleiarane våre og få meir informasjon om det å jobba hos oss. Velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- Gje god omsorg, stell og pleie til pasientar i høve til dagsplaner, rutiner og prosedyrer
- Ivareta pasienten sin identitet, eigenverd og sjølstendighet
- Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel
- Dagleg journalføring i Gerica
- Som matvert vil du vera ein del av matomsorga, skape hyggelige måltid med individuelle tilpasningar
Kvalifikasjonar
- Me søkjer deg som har eit genuint ønske om gje omsorg til eldre, menneske med nedsatt funksjonsevne eller andre som treng hjelp
- Du må kunne arbeida sjølvstendig og i grupper
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (tilsvarande B1)
- Skal du arbeida i heimetenesta må du har førarkort
- Du må vera fylt 18 år for arbeid innan pleie, i matvertstillingar er kravet 16 år
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Personlege eigenskapar
Du er/har:
- Vilje og interessa for å arbeida med eldre
- Lærevillig og engasjert
- God til å formidla empati, visa respekt og omsorg
- Positiv og trygg
- Tålmodig og god på samarbeid
- Godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Du får arbeida med erfarne og kjekke kollegaer
- Du får god opplæring og opparbeider deg lærerik og nyttig arbeidspraksis
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Company
Kvam Herad i BrønnøysundApplication deadline
30.09.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
Fixed contractIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
ØnskeligWork experience
ØnskeligAddress
5630, STRANDEBARM
KVAM
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5881993Look here for other jobs from Kvam Herad i Brønnøysund
- Updated 13.09.2024