Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
01.03.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6530285Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Helgestillingar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Naustdal omsorgssenter er eit av seks omsorgssenter i Sunnfjord kommune. Vi yter tenester innan heildøgns omsorg for personar som har behov for omsorg og medisinsk oppfølging gjennom døgnet.
Hos oss møter du kollegaer med brei kompetanse innan demens, geriatri, akuttsjukepleie, lindrande behandling og personsentrert omsorg.
Vi er stolte av å vere ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen og vi jobbar kontinuerleg for å utvikle tenestene våre vidare.
Vi har ledig:
- faste helgestillingar i 14 - 21 %
Stillingane er i 2-delt turnus med arbeid annankvar, eller 3 kvar helg.
Vi søker deg som:- har norsk autorisasjon som sjukepleiar eller fagbrev som helsefagarbeidar, vi oppfordrar sjukepleiarstudentar og søkarar med interesse for fagfeltet om å søke, ufaglærte blir tilsett i mellombels stilling
- beherskar norsk godt - både munnleg og skriftleg
Vi søker deg som:
- er i interessert i eller har erfaring frå jobb innan eldreomsorga
- er engasjert, lærevillig og løysingsorientert
- er fleksibel og likar utfordringar
- er strukturert og ansvarsbevisst
- har stor arbeidskapasitet
- bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
- har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
- har grunnleggande datakunnskapar - vi nyttar fagprogrammet Cosdoc
- eit arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og leiarar
- ein arbeidsplass med fokus på kvalitet og pasientnær omsorg
- moglegheit for fagleg utvikling og å bli ein del av eit kompetent og inkluderande miljø
- eigen lønsstige for sjukepleiestudentar
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- variert arbeidskvardag
- ein arbeidsplass det er lett å trivast på
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Gyldig politiattest må leggast fram før start i stillinga.
Tilsetting vert gjort fortløpande.
Du søker elektronisk. Velkommen som søkar!
Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
01.03.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6530285Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
-
Sjukepleiar
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Ferievikarar Helse og velferd 2026
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Lærarstillingar ved ungdomsskulane i Øygarden kommune skuleåret 2026/2027
Øygarden kommune
STRAUME -
Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg
Øygarden kommune
Ågotnes