Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Kvam Herad i Brønnøysund

Grunnskulelærar Norheimsund skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

ER DU VÅR NYE LÆRAR VED NORHEIMSUND SKULE?

På vår skule bør du lika samarbeid! Våre kjerneverdiar er samarbeid, omsorg og fokus på sosial- og fagleg utvikling. Me ynskjer at lærarar hos oss er like oppteken av sosial som fagleg læring. For at våre rammer skal vera rette for deg, bør du vera ein kollektivt orientert lærar som samarbeider mykje med andre. Du liker å undervisa og har fokus på engasjerande og utforskande praksis. Elevmedverknad vert eit sentralt fokusområde i skulen sitt utviklingsarbeid. På Norheimsund skule snakkar me om våre elevar, ikkje mine og dine.

  • 100 % fast stilling som lærar frå 01.01.2025. Det ligg kontaktlæraransvar til denne stillinga skuleåret 2024-25.

Norheimsund skule 1. - 7. trinn er den største barneskulen i Kvam og ligg plassert midt i sentrum i regionsenteret Norheimsund i Hardanger. Skulen har 278 elevar, rektor, to avdelingsleiarar, SFO-leiar, sekretær, 36 lærarar, 18 fagarbeidarar, 2 miljørettleiarar og 2 lærlingar.

Skulen er veldriven med tilsette som har høg fagleg kompetanse og god samarbeidskultur. Utviklingsområde skulen brukar tid på:

  • Implementering av ny læreplan
  • VFL (vurdering for læring)
  • LP (læringsmiljø og pedagogisk analyse)
  • Udir og Statsforvaltaren si oppfølgingsordning med trygt og godt skulemiljø, ordinær og inkluderande undervisning og leiarstøtte som fokusområde
  • Dekom (desentralisert ordning for kompetanseutvikling)
  • BTI /Betre Tverrfagleg Innsats)


Vil du vite meir om oss les her: Norheimsund skule


Arbeidsoppgåver

  • Planleggja og gjennomføra undervisning i tråd med LK20
  • Skapa eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane med god klasseleiing
  • Delta i og bidra til lærande fellesskap ved skulen
  • Delta i tverrfagleg samarbeid
  • Kontaktlæraransvar på mellomtrinnet

Kvalifikasjonar

  • Godkjent pedagogisk utdanning for grunnskulen jf. forskrift til opplæringslova. Andre med relevant arbeidserfaring og/eller utdanning kan også verta vurderte for vikariat.
  • Aktuelle fag: basisfaga og spesialpedagogikk
  • God fag/metode/relasjons- kompetanse
  • Gode digitale ferdigheiter og kunnskap om pedagogisk bruk av IKT
  • Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9.

Personlege eigenskapar

  • Me legg vekt på personelege eigenskapar som:
  • Du er ein trygg, raus og tydeleg klasseleiar
  • Du tek initiativ til nye arbeidsmåtar
  • Du har fokus på elevane sine moglegheiter for læring
  • Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysningar
  • Du er strukturert og overheld tidsfristar
  • Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Du tek ansvar og er profesjonell
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og teamkultur
  • Systemretta utvikling av skulen med vekt på kollektiv kapasitet
  • Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ynskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.