• Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    20.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6043075
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Ledigt jobb

Øygarden kommune

Fysioterapeut 90% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Helse, meistring og rehabilitering består av ergo- fysioterapitenesta, friskliv og meistring, hjelpemiddellager og terapibasseng. Her arbeidar 45 personar med ulik fagbakgrunn, med hovudvekt med ergoterapeutar og fysioterapeutar

Alle tilsette jobbar tett med andre faggrupper og avdelingar i kommunen.

Tenesta arbeider med barn, vaksne og eldre med sjukdom og/eller funksjonssvikt, blant anna i heim, barnehage, skule, sjukeheim og i tenesta sine eigne lokal. Tenesta er ofte ein del av eit samansett tenestetilbod, men kan også utøvast som enkelttiltak individuelt eller i gruppe

Vi søkjer etter fysioterapeut i 90 prosent nyoppretta fast stilling. Fysioterapeuten skal hovudsakleg arbeida med vaksne eldre, hovudmålet er at brukaren kan bu i eigen heim.

Arbeidsoppgåver:
  • Sikre god overgang mellom institusjon/spesialisthelsetenesta og eigen heim.
  • Funksjonsvurdering
  • Raskt inn ved funksjonsfall
  • Fysioterapi i heim
  • Samarbeid med heimetenesta, ergo- og fysioterapitenesta.
  • Rettleiing av heimeteneste og pårørande
  • Tilrettelegging og søknad om hjelpemiddel
  • Terapeuten må vera med å utvikle stillinga og arbeidsforma.
Kvalifikasjonar:  Må ha:
  • Bachelor i fysioterapi
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Gode formidlings,- og rettleiingsevner
  • Erfaring med funksjonsvurderingar og forstå kva skal til for å kunne bu og klare seg i eigen heim
  • Erfaring frå jobb i kommunehelsetenesta
Ønskjeleg med:
  • Erfaring med hjelpemiddelformidling, og digital søknadsprosess
  • Gode datakunnskapar
  • Erfaring med å samarbeide med heimetenesta
  • Erfaring frå jobb som fysioterapeut på rehabilitering – eller korttidsavdeling
Personlege eigenskapar:
  • Nytenkande,  systematisk og løysningsorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig vert særleg vektlagt
  • Evne til å omstille seg raskt, vera fleksibel og ha godt humør
  • Rask til å setje seg inn i og forstå tenesta sitt arbeid
  • Personleg eigna
Anna:
  • Ein må ha førarkort og kunna nytta eigen bil. Ein får bil- og køyregodtgjersle.
  • Eininga har hovudbase på Straume terapisenter. Noko arbeid vil foregå der. Ein vil hovudsakleg arbeide ute i heimane til brukarane og elles i tett samarbeid med heimetenesta som er lokalisert i Skogsskiftet, på Ågotnes og på Straume. Kontorplassering vil vere i Skogsskiftet, men ulike oppmøtestader må påreknast.
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Einingsleiar: Liv Møen 55 09 68 55/ 975 40 530

liv.moen@oygarden.kommune.no

Avdelingsleiar: Silje Merkesvik 915 50 025

Silje.merkesvik@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    20.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6043075
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune