• Företag
    Ulvik kommune
  • Ansökningstiden
    12.04.2019
  • Arbetsfunktion
    Helsepersonell
  • Anställningsform
    workTime.Heltid
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Önskat språk
    Norsk
  • Adress
    5730, ULVIK
    ULVIK
    Norge
  • Andra arbetsplatser
    Ulvik
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    1528678
  • Se här för andra jobb från Ulvik kommune
  • Uppdaterad 22.03.2019
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Ulvik kommune

FYSIOTERAPEUT

Offentlig forvaltning

Helse - og omsorg i Ulvik er i utvikling for å imøtekomme framtida sine utfordringar. Utviklinga vil påverka korleis fysioterapitenesta blir i framtida. I dag har me ein fysioterapeut på 100% drifstilskot. No har me ein ledig 100% kommunal stilling for fysioterapeut. I framtida skal me ha 2 fysioterapeutar i kvar sin 100% kommunale stilling. Dette med forbehold om vedtak i heradstyret 10. april 2019.

Me har mange spanande utfordringar føre oss og ser etter ein fysioterapeut som likar varierte oppgåver, er fleksibel og som ynskjer å påverke utforminga av fysioterapitenestene i Ulvik herad.

Me byggjer ny sjukeheim. Her vil fysioterapeuten få delta i utforming av treningsrom. I tillegg har kommunen eige lokale for kurativ behandling i Ulvik sentrum. Ny fysioterapeut vil inngå i eit tett samarbeid med helsestasjon, skulehelseteneste, rehabilitering, tverrfaglige team og ulike prosjekt. Stillinga skal bli ei fast 100% stilling før sommaren 2019.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • Setje seg inn i og følgje opp retningslinjer og planar for fysioterapitenesta i heradet.
  • Drive eit aktivt tilbod om fysioterapi for ulike pasientgrupper etter behov
  • Samarbeid med helsestasjon og skolehelseteneste, kommunelege og institusjon
  • Samarbeid med fysio- og ergoterapitenesta og andre aktuelle samarbeidspartnarar.
  • Utøve kunnskapsbasert fysioterapi.
  • Bidra i utvikling av fysio- og ergoterapitjenesten og til ein kvar tid være fagleg oppdatert.
  • Det må påreknast behandling heime hjå brukar

Person- og kompetansekrav

  • Offentleg godkjend fysioterapeut.
  • Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Du må vera fleksibel, fagleg engasjert, løysningsorientert og ha gode kommunikasjonsevner.
  • Du må ha evne til å jobbe i team og ha erfaring med å jobbe tverrfagleg.

· Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Me kan tilby:

  •  Eit godt arbeidsmiljø
  •  Ei verksemd i utvikling
  •  Fagleg utvikling
  •  Utfordrande arbeidsoppgåver
  •  Fleksibel arbeidstid
  •  Konkurransedyktig løn

Ulvik herad kan tilby barnehageplass, firmahytte og gode avtalar ved Ulvik treningssenter. Me kan hjelpa til med å skaffe bustad.

Søknadsfrist innen 12. april 2019.

Ulvik herad er opptatt av å reflektere mangfaldet i befolkninga og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av alder, kjønn, nedsett funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Har du ynskje om unntatt offentligheit må dettegrunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Du varslas dersom ønsket ikkje kan tas til følge. Politiattest jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4 må framlegges ved tilsetting.

Tilsetjing vil skje på dei vilkår og med dei plikter som føl av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtaler.

Søknad sendes elektronisk via vår nettside stilling ledig. Dersom du har behov for bistand i søknadsprosessen, ta kontakt med helse - og omsorgsleiar tlf. 4000 7151

Søknad sendes elektronisk via vår nettside

Merk med Saksnr. 19/130.

Dersom du har behov for bistand i søknadsprosessen, ta kontakt med helse - og omsorgsleiar tlf. 4000 7151

 

  • Företag
    Ulvik kommune
  • Ansökningstiden
    12.04.2019
  • Arbetsfunktion
    Helsepersonell
  • Anställningsform
    workTime.Heltid
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Önskat språk
    Norsk
  • Adress
    5730, ULVIK
    ULVIK
    Norge
  • Andra arbetsplatser
    Ulvik
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    1528678
  • Se här för andra jobb från Ulvik kommune
  • Uppdaterad 22.03.2019