• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    13.11.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5939045
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Ledig stilling

Fjaler kommune

Fysioterapeut 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som fysioterapeut. Fysio- og ergoterapitenesta held til i lokale ved Fjaler Helsetun. Tenesta har 5 heile stillingsressursar fordelt på ein ergoterapeut og 4 fysioterapeutar inkludert turnuskandidat. I denne stillinga får du delta i eit samfunnsnyttig og ansvarsfullt arbeid med trygge støttespelarar. Vi har eit kjekt og fagleg utviklande arbeidsmiljø med høg grad av autonomi der både menn og kvinner har likt seg godt. 

Stillinga har faste arbeidsoppgåver innan fysikalsk behandling/opptrening, både individuelt og i gruppe, aktiv på dag- grupper og anna friskliv- og helsefremjande arbeid, samt rehabilitering i institusjon og evt ute i heimane ved behov. Arbeidsoppgåver innan hjelpemiddelsaker, vaksenhabilitering og evt lymfedrenasje kan bli tilpassa stillinga ut frå behov, kompetanse og ledig kapasitet.

Vi ser etter ein person som har interesse for og gjerne erfaring innan både kurativ fysioterapi og frisklivsarbeid/rehabilitering. Vi ynskjer oss nokon som likar å jobbe strukturert og målretta med mykje pasientkontakt gjennom arbeidsdagen og som har gode samarbeids/kommunikasjonsevner.

 Arbeidsoppgåver
  • Fysikalsk behandling/opptrening, både individuell kurativ fysioterapi og gruppebehandling
  • Aktiv på dag-grupper og anna friskliv- og helsefremjande arbeid
  • Rehabilitering
  • Hjelpemiddelsaker, vaksenhabilitering og evt lymfedrenasje kan bli tilpassa stillinga ut frå behov, kompetanse og ledig kapasitet.

Kvalifikasjonar
  • Godkjent autorisasjon som fysioterapeut
  • Førarkort kl. B
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest må framleggjast før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Er ansvarsbevisst og strukturert
  • God evne til samarbeid og kommunikasjon
  • Målretta 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 
     

Vi tilbyr
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Godt arbeidsmiljø
  • Erfarne støttespelarar i kollegiet
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unntak offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

 

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    13.11.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5939045
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune