Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
31.12.2024Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4982200Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 27.09.2024
Øygarden kommune
Fritidskontakt/ støttekontakt - Helse og velferd
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du tid i kvardagen din og ønskjer å utgjere ein skilnad for nokon? Då ønskjer vi at du sender søknad eller tar kontakt for uforpliktande samtale!
Øygarden kommune har behov for fritidskontaktar (støttekontaktar) som kan bidra til at andre får moglegheit til ei meir aktiv og sosial fritid.
Det er og behov for time- og helgeavlastarar.
Øygarden kommune tilbyr fritidskontakt for dei som står i fare for å verta eller er sosialt isolert, og avlastning til foreldre som har særleg tyngjande omsorgsoppgåver i kvardagen. Ein fritidskontakt kan følgje til aktivitet eller finne på sosiale aktivitetar i lag med den som treng fritidskontakt. Ein timeavlastar kan følgje tenestemottakar til aktivitet eller være i heimen hjå tenestemottakar slik at pårørande får avlastning. Omfang av innvilga teneste er avhengig av behov, og nokon vert og innvilga døgnavlastning.
Det er ikkje krav om formell utdanning for å vere fritidskontakt eller avlastar, personlege eigenskapar vert vektlagt. Fritidskontakt/avlastar skal vera ein tillitsfull og god person med evne til å skape trygge rammar og gode relasjonar. Eit oppdrag som fritidskontakt vil vanlegvis omfatte 12 til 16 timar per månad.
Avlastning: Lønn avlastar:
Døgnavlastar: Kr 2424 per døgn (kr 101 per time x 24 timer)
Timeavlastar: kr 215,77 per time
Utgiftsdekning og km-godtgjersle spesifiseres i arbeidsavtale.
Personlege stillingsannonser:Gut, 7 år (skrive av familien)
Eg er ein aktiv, smart og lærevillig gut på 7 år.
Eg trenger ein trygg vaksen som kan vere i lag med meg ein laurdag eller søndag kvar helg( 7 timar) og 4 timar ein ettermiddag kvar 2 månad.
Eg har autisme og diabetes type 1 som er insulinkrevande. Dette inneber at den eg skal vere i lag med har kjennskap/erfaring med autisme og diabetes eller er villig til å få kjennskap til dette.
Eg kan mange ord og har lært meg mykje verbal kommunikasjon. Eg har ein dagtavle både heime og på skulen som skal hjelpe meg å halde oversikt over dagane. Eg er glad i å sjå på tv, mobil og Ipad.
Eg synest det er tryggast med gode vaksne og kan synest det er vanskeleg å leike med andre born, eg synes for eksempel at det kan vere skummelt når andre born gråter.
Eg er ein aktiv gut og eg kan ha vanskeleg med å sjå farar og derfor treng eg ein trygg vaksen som er kring meg.
Når eg møter nye og ukjende situasjonar kan eg synes det er vanskeleg å regulere kjenslene mine, eg kan då bli lei meg og treng hjelp til å regulere desse kjenslene.
Gut, 8 år (skrive av familien)
Eg er en glad og energisk gutt på 8 år, med masse kreativitet og detaljfokus.
Eg er svært glad i å bygge Lego, både etter oppskrift og frihånd.
Eg ønsker ein vaksen som kan være med i min verden, høre på det eg forteller, bygge Lego og tegne sammen med meg. Eg er også svært glad i bøker, å bli lest for samtidig som eg tegner likar eg godt. Aktiviteter som å gå på VilVite senteret eller Spill/Legotreff er også veldig aktuelt.
Eg har Aspergers autisme, samt Adhd, så å trene på sosiale ferdigheter er viktig. Eg kan bli sliten av mye folk, men å få sitte å se på nettbrettet, eller å høre lydbok mens eg tegner eller bygger Lego er en god avslapping. Rutiner og å bli forberedt før en overgang / avslutning er viktig for å få en god overgang.
Eg ønsker meg ein vaksen eller familie som kan stille en helg i måneden, og en dag/ettermiddag i uken.
Gut, 12 år(skrive av familien)
Eg er ein veldig hyggelig gut som er lett å bli glad i. Eg har autisme, er aktiv og likar godt turar både til fjells og langs vegen. Kino, museum, teater, bading og idrettsanlegg og lekeplasser sett eg blant annet stor pris på. Eg kommuniserer godt muntlig og er ganske fleksibel så framt planen blir tydelig kommunisert. Først og fremst søker eg etter en fritidskontakt som liker aktivitet, hurtig tempo, med godt humør og som er mobil.
Eg elsker å ta buss, så du treng ikkje nødvendigvis ha eigen bil.
- Personlege eigenskapar vert vektlagd, det er ikkje krav til utdanning og erfaring.
- Du bør vera over 18 år. Søkjarar under 18 år vert vurdert.
- Førarkort og tilgang på bil er ein fordel.
- Du må ha gode munnlege norskkunnskapar.
- Menn oppfordrast til å søkje.
Teieplikt – Inneber at du ikkje skal la utanforståande få kjennskap til personlege forhald rundt den du er fritidskontakt for Politiattest - Det vert kravd politiattest for personar som skal yte helse- og omsorgstenester (jf. lov om kommunale helse og omsorgstenester § 5 - 4).
Personlege eigenskapar:- Vera engasjert, ha evne til å setje i gang aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre.
- Vera ein god rollemodell, vera trygg på seg sjølv og ha evne til å motivere.
- Ansvarsbevisst: det er viktig å halde avtalar og vere påliteleg.
- Ha fokus på meistring og brukarmedverknad.
- Ha gode samarbeid -og kommunikasjonsferdigheiter.
- Løn etter gjeldande satsar, pr 01.05.24 er timesatsen kr 215,77, for fritidskontaktar og timeavlastar.
- Utgiftsdekning: dokumenterte utgifter vert dekka inntil beløp spesifisert i oppdragsavtalen.
- Køyregodtgjersle: Som fritidskontakt kan du skrive køyring i oppdrag. Dette vert dekka etter statens regulativ, inntil totale km spesifisert i oppdragsavtalen.
- Som fritidskontakt er ein oppdragstakar og ein har dermed ikkje rett på feriepengar eller sjukepengar. Fritidskontaktar er ikkje knytt opp mot tenestepensjonsordninga i Øygarden kommune. Avlastar får tilbod om tilsetjing i kommunen, då gjeld andre vilkår.
- Døgnavlastning: 2424,- per døgn.
Du vil få tilbakemelding på søknaden, og eventuelt kalla inn til samtale. Blir du godkjent som fritidskontakt/avlastar kontaktar vi deg når kommunen har oppdrag som passar.
Kontakt:
fritidskontaktar@oygarden.kommune.no 56161571 Katrine Risløw 4587 4502
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
31.12.2024Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4982200Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 27.09.2024
-
Fritidskontakt
Gol kommune
GOL -
Tilkallingsvikar/helgevikar - Aktivisering og meistring
Vestnes kommune
VESTNES -
Barne- og ungdomsarbeidarar / assistentar som ringevikar.
Øygarden kommune
STRAUME -
Fleire stillingar som miljøterapeut i døgnturnus og langvaktsturnus i 100%
Øygarden kommune
STRAUME -
Miljøterapeut - Tolomarka omsorg og avlastning
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND