Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
26.12.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5983723Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Øygarden kommune
Fleire stillingar som adjunkt/lektor frå 20% til 100% fast og vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Brattholmen skule er ein barneskule med 340 elevar og 70 tilsette. Våre satsingsområde dette året er lesing, djupnelæring, tverrfaglege prosjekt, leik og uteskule. Vår visjon er: «Saman skapar vi framtida. Skulen har nynorsk som målform.
Brattholmen skule ligg sentralt på Litle Sotra, nær Sartor senter, og ca 20 minutt køyring til Bergen sentrum.
Er du vår nye og engasjerte pedagog som har høge ambisjonar vegne av elevane?
Vi ser etter lærarar/lektorar/spesialpedagogar kvalifisert for undervisning i grunnskulen med norsk, engelsk, matematikk og andre fag. Vi ønske lærarar med kompetanse på 1.-7. trinn.
Kvalifikasjonar: Må ha:- Godkjent undervisningskompetanse for å undervise i grunnskulen.
- Kompetanse på å undervise i basisfaga norsk, matematikk og engelsk.
- Kompetanse som spesialpedagog og erfaring med barn med autisme.
- Har fagleg tyngde, viser omsorg, er open og trygg i rolla di og taklar utfordrande situasjonar
- Er ein god relasjonsbyggar
- God og tydeleg klasseleiar
- Erfaring som kontaktlærar er ønskeleg
- Er positiv, engasjert, nysgjerrig og har pågangsmot
- God på organisering og systemarbeid
- Er strukturert, ansvarsmedviten og sjølvstendig
- Har høg arbeidskapasitet
- Høg personleg og profesjonell integritet
- Har gode evner til å samarbeide
- Er lojal mot skulen sine verdiar og mål
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Du vert beden om å krysse av kva for stilling du søkjer på, til slutt i sjølve søknadsskjema.
- Adjunkt/lektor i 100 % fast stilling frå 1.1.2025.
- Adjunkt/lektor i 57% fast stilling frå 1.3.2025
- Adjunkt/lektor i 100 % vikariat frå 1.4.2025 – 31.12.2025
- Adjunkt/lektor i 20% vikariat frå 1.1.2025-31.5.2025
Kontakt:
Ingvill Kvalsnes Blom
Rektor Brattholmen skule
Telefon: 97516949
Epost: Ingvill.blom@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
26.12.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5983723Se här för andra jobb från Øygarden kommune
-
Vi treng ringevikarer til Reinhald
Øygarden kommune
STRAUME -
Rådgjevar/Jurist 100% fast innan lovbrotsoppfølging
Øygarden kommune
STRAUME -
60% vikariat vaken nattevakt
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Rådgjevar/Jurist byggesak 100% fast
Øygarden kommune
Straume -
Barne- og ungdomsarbeidarar / assistentar som ringevikar.
Øygarden kommune
STRAUME