Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
06.04.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Balestrand
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6065227Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Ferievikar 2025 i Balestrand - sjukeheim, heimeteneste, vaskeri og kjøkken
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
No har DU sjansen til å oppleve ein flott sommar i Balestrand!
Balestrand helsetun ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell.
Balestrand helsetun består av tre små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. I tilknyting til helsetunet ligg både heimetenesta, legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu- og miljøtenesta, noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen. Helsetunet har eige kjøken som lagar god, heimelaga mat. Helsetunet har eige vaskeri.
Me søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2025 til helsetunet, heimetenesta, vaskeri og kjøkkenet.
Arbeidsperioden vil vere i tida 23.06.2025 - 17.08.2025 med moglegheit for tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden; perioden du kan jobbe og kor du ynskjer å jobbe. Søkarar som kan jobbe heile perioden vil bli prioritert.
Studentar og elevar med helserelaterte fag vert særskilt oppmoda om å søkje.
Arbeidsoppgåver:
- Helsehjelp til eldre på sjukeheim, brukarar i heimetenesta og omsorgsbustad
- Heimehjelpsoppgåver
- Oppfølging av ernæring
- For kjøkken; tilberede mat, utlevering av mat, ivareta hygiene og kjøkkenrelaterte oppgåver
- For vaskeri; vask av pasient- og personaltøy. Reinhald.
Kvalifikasjonar:
- Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Vere fylt eller fylle 18 år i 2025 (for søkjarar til kjøkken/frukostvert vil yngre verte vurdert)
- Førarkort for bil klasse B for dei som skal jobbe i heimetenesta
Personlege eigenskapar:
- Evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.
- Oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag.
Spesielle vilkår for stillinga:
Dei som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
- Politiattest av ny dato.
Me tilbyr:
- Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje
- Lønn etter tariff. Relevante helsefaglege utdanningar på høgskule- /universitetsnivå som har fullført første året vert lønna som fagarbeidar, og som fagarbeidar med 8 års ansiennitet om du har fullført andre året.
- Tilrettelagt turnus med moglegheit for langvakter.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillingane med:
Eli Sleire, avdelingsleiar helsetunet. Tlf: 90 29 62 94, eli.sleire@sogndal.kommune.no
Marte Gåsland, avdelingsleiar heimetenesta. Tlf.91 37 50 68, marte.gasland@sogndal.kommune.no
Del gjerne annonsa med venner! Velkommen som ferievikar i vakre Balestrand!
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
06.04.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Balestrand
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6065227Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Sjukepleiar
Sogndal kommune
Balestrand -
Ferievikar 2025 på Leikanger - sjukeheim, heimetenesta og kjøkken
Sogndal kommune
Leikanger -
Tilkallingsvikar
Sogndal kommune
Balestrand -
Ferievikar 2025 - Fysio- og ergoterapistudentar
Sogndal kommune
Sogndal -
Ferievikar 2025 - Sogndal helse og omsorgssenter
Sogndal kommune
Sogndal