Company
KystverketApplication deadline
18.10.2020Form of employment
workTime.HeltidIndustry
Offentlige tjenester og forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3950, BREVIK
PORSGRUNN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3178048Look here for other jobs from Kystverket
- Updated 24.09.2020
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Kystverket
Fast stilling som Maritim trafikkleiar - Kystverkets sjøtrafikksentral i Brevik
Offentlige tjenester og forvaltning
Kystverket har fem sjøtrafikksentralar, desse er plassert i Brevik, Fedje, Horten, Kvitsøy og Vardø. Brevik sjøtrafikksentral dekker i dag Grenlandsområde i Telemark. Trafikksentralen har 13 trafikkleiarar i helkontinuerlig skift.
Det er ein fast leidg stilling som maritim trafikkleiar - Kystverkets sjøtrafikksentral i Brevik. Ved interne overflyttingar kan det også åpne seg muligheter for en fast stilling til.
- Maritim trafikkovervaking
- Koordinering av skipsrørsler i samsvar med norske reglar
- Varslings- og beredskapsoppgåver
- Utferding av navigasjonsvarsel
- Nasjonal koordinator og SSN support
- Administrative oppgåver må påreknast
- Lista er ikkje uttømmande
- Ha løyst dekksoffiserssertifikat klasse 2 og teoretisk utdanning til å kunne løyse dekksoffiserssertifikat klasse 1
- Aktuell og allsidig maritim erfaring
- Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på norsk og engelsk
- Gyldig legeattest for sjøfolk, minimum 18 måneder
- Bestå arbeidspsykologisk test og engelsk språktest
- Kandidaten må kunne bli sikkerhetsklarert da det kan verte krav om sikkerheitsklarering
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
- Sjølvstendig, med høg arbeidskapasitet og evne til å ta initiativ
- Høg situasjonsmedviten og evne til å ta raske avgjersle
- Fleksibel og løysingsorientert
- God sjølvinnsikt
- Framtidsretta, engasjert og påliteleg
- Søkaren må opplyse om:
- Tre referansar
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit aktivt, utviklande og godt arbeidsmiljø
- God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
- Ferieheimsordning på nokre av Kystverket sine fyr, samt andre gode velferdstiltak
- Løn som trafikkleiar iht stillingskode 0108, fra ltr 46-56, grunnlønn kr. 420 700 - 496 100, samt tillegg etter Statens hovedtariffavtalar og til ein kvar tid gjeldande særavtale for trafikkleiarar i Kystverket
- Det er utarbeidd eigne retningsliner for å oppnå og oppretthalde tenestebevis og autorisasjon, som maritim trafikkleiar
Andre opplysningar
- Sjøtrafikksentralen er døgnbemanna, og den som vert tilsett må inngå i skiftordninga. I tillegg må den som vert tilsett inngå i ei heimeberedskapordning, med krav om responstid på 2 timar ved utkall. Ein vil ha ca 30 beredskapsvakter pr år.
- Det vil bli gitt opplæring for å bli maritim trafikkleiar. Opplæringa har to delar:
- Eit sentralt kurs for å få tenestebevis som maritim trafikkleiar.
- Ei lokal opplæring for å få autorisering på sjøtrafikksentralen.
- Begge prøvene må gjennomførast med tilfredsstillande resultat og er eit krav for å kunne arbeide på sjøtrafikksentralen.
- Har du erfaring innan opplæring vennligst oppgi dette i søknaden
- Arbeidsstad for stillinga: for tida Brevik.
- Dato for test: 29. oktober (Sandvika)
- Dato for intervju: 6. november (Gardermoen)
Vaktplan: Sjå lenke: https://www.screencast.com/t/95P4bskRmm0
Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hjå oss.
Kystverket er for tida under omorganisering og ny organisasjon vil vere på plass frå 2021
Company
KystverketApplication deadline
18.10.2020Form of employment
workTime.HeltidIndustry
Offentlige tjenester og forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3950, BREVIK
PORSGRUNN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3178048Look here for other jobs from Kystverket
- Updated 24.09.2020