• Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    22.12.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5974120
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Fjaler kommune

Familierettleiar og BTI-koordinator

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Fjaler kommune skal vere ein god kommune å vekse opp i. Vi jobbar målretta mot styrking av det førebyggande arbeidet for barn, unge og deira familiar. For å lukkast i dette er vi i gang med å bygge opp eit team som skal jobbe direkte ut mot barn, unge og familiar på deira eiga arena. 

Vi søkjer etter ein ny medarbeidar i teamet i 100 % fast stilling. Stillinga skal dekke to funksjonar.

I teamet gjer vi målretta rettleiing og støtte til barn, unge og familiane deira med fokus på å bidra til at barn og unge får ein meiningsfull kvardag og eit godt koordinert tenestetilbod. Oppfølginga vert gitt i møte med det enkelte barnet og ungdomen, i samtale med foreldre og i tverrfagleg samarbeid. Vi ser difor etter deg som trivast i møte med barn og unge og som kan gje målretta foreldrerettleiing og koordinere det tverrfaglege samarbeidet kring det enkelte barn og ungdom.

I tett samarbeid og på tvers av eksisterande fagområde vil vi skape arenaer der vi kan kome tidleg inn for å kartlegge og iverksette tiltak. Her får du vere med å gjere ein viktig forskjell og førebygge alvorlege og langvarige vanskar for det enkelte barn og familiane deira. For at vi skal bli gode på tidleg innsats og å styrke samhandlinga mellom ulike aktørar skal vi implementere verktøyet BTI (Betre tverrfagleg innsats). Dette spanande, innovative arbeidet skal du få vere med å drive vidare som ein del av BTI-arbeidsgruppa beståande av deltakarar frå helse, skule og barnehage.

Vi søkjer deg som har desse personlege eigenskapane:
  • Gode samarbeidsevner og evne til å skape gode relasjonar
  • Positiv, nysgjerrig og reflekterande
  • Strukturert
  • Sjølvstendig og trygg
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Bidreg positivt i arbeidsmiljøet

Arbeidsoppgåver:
  • Strukturelt og tverrfagelg arbeid med implementering av BTI i kommunen
  • Direkte arbeid med barnet og familien på fleire arena (heim-skule-fritid)
  • Koordinatorrolle i ansvarsgrupper
  • Foreldrerettleiing

Vi kan tilby deg:
  • Du får delta i eit framoverlent arbeidsmiljø som imøtekjem dei behova som oppstår mellom tilboda førstelinjetenestene og spesialisthelsetenestene gjer.
  • Utviklingsmogelegheiter og sjanse til å vere med å påverke fagutviklinga i teamet
  • Engasjerte kollegaer og leiarar med høgt fagleg fokus
  • Inkluderande miljø og faglege utfordringar 
  • 37,5 timars veke men noko ettermiddag- og/eller kveldsarbeid må påreknast

Kvalifikasjonar:
  • 3-årig helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning
  • Ønskje om vidareutdanning innanfor relevante områder som til dømes tverrfagleg utdanning i psykososialt arbeid med barn og unge eller rettleiingskompetanse
  • Krav om erfaring frå arbeid med barn og unge
  • Førarkort klasse B
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God datakompetanse og erfaring med dokumentasjon i fagsystem
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding.
  • Personleg eigna til stillinga

 

Søkjarlister med namn, kjønn, alder og stilling er i utgangspunktet offentlege. Søkjarar vil bli kontakta om det ikkje finst grunnlag for unntak, og få høve til å trekkje søknaden. 

 

 

  • Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    22.12.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5974120
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune