• Företag
    Kvam Herad
  • Ansökningstiden
    09.03.2025
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Ønskelig
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6059289
  • Se här för andra jobb från Kvam Herad
Ledigt jobb

Kvam Herad

Fagarbeidarar i barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du ein trygg og engasjert person som vil jobba i barnehage? 

Me søkjer barne- og ungdomsarbeidarar frå 1.8.25 som likar å laga gode kvardagar saman med små barn. Me søkjer etter deg som er god på relasjonar og som er glad i å gje barn gylne augneblink. Me er opptekne av gode fagmiljø og arbeider for kontinuerleg kompetanseutvikling. 

  • Har du særskilde ynskje om arbeidsstad og stillingsstorleik er det viktig at du skriv di prioritering i søknaden
  • Har du søkt på open søknad i løpet av året må du likevel søkje på denne utlysinga
  • Barnehagane våre er plassert i Strandebarm, Tørvikbygd, Norheimsund, Øystese og Ålvik

Vil du vite meir om dei kommunale barnehagane, les her: https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/barnehage/barnehagar-i-kvam/

 

Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for å skapa ein god barnehagekvardag for både det enkelte barn og grupper, i samarbeid med pedagogisk leiar/barnehagelærar
  • Levera god kvalitet i relasjonar med barn og foreldre
  • Vera ein trygg vaksen
  • Tilretteleggja for leik og læring
  • Delta i å skapa kvalitet i rutinesituasjonar
  • Delta i å utvikla barnehagen
  • Bidra til godt arbeidsmiljø og samarbeid med andre
  • Bidra til å ivareta helse, miljø og tryggleik i barnehagen

Kvalifikasjonar

  • Barne- og ungdomsarbeidar, men er og interessert i deg som har anna relevant utdanning, yrkeserfaring og ynskjer å arbeida i barnehage
  • Erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Bestått nivå A2 i skriftleg framstilling og B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
  • Ved ny tilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, jfr. Barnehagelova §19, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Attesten må ikkje vera eldre enn 3 månader.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Personlege eigenskapar

  • Påliteleg, omsorgsfull og engasjert
  • Du har godt humør og positiv innstilling 
  • Du er leiken og evnar å inspirera og engasjera barn
  • Møter barn, kollega og føresette med respekt
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Eit positivt barnesyn: "Barn gjer så godt dei kan" 

Me tilbyr

  • Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

 

  • Företag
    Kvam Herad
  • Ansökningstiden
    09.03.2025
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Ønskelig
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6059289
  • Se här för andra jobb från Kvam Herad