Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
09.03.2025Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6059289Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Kvam Herad
Fagarbeidarar i barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du ein trygg og engasjert person som vil jobba i barnehage?
Me søkjer barne- og ungdomsarbeidarar frå 1.8.25 som likar å laga gode kvardagar saman med små barn. Me søkjer etter deg som er god på relasjonar og som er glad i å gje barn gylne augneblink. Me er opptekne av gode fagmiljø og arbeider for kontinuerleg kompetanseutvikling.
- Har du særskilde ynskje om arbeidsstad og stillingsstorleik er det viktig at du skriv di prioritering i søknaden
- Har du søkt på open søknad i løpet av året må du likevel søkje på denne utlysinga
- Barnehagane våre er plassert i Strandebarm, Tørvikbygd, Norheimsund, Øystese og Ålvik
Vil du vite meir om dei kommunale barnehagane, les her: https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/barnehage/barnehagar-i-kvam/
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for å skapa ein god barnehagekvardag for både det enkelte barn og grupper, i samarbeid med pedagogisk leiar/barnehagelærar
- Levera god kvalitet i relasjonar med barn og foreldre
- Vera ein trygg vaksen
- Tilretteleggja for leik og læring
- Delta i å skapa kvalitet i rutinesituasjonar
- Delta i å utvikla barnehagen
- Bidra til godt arbeidsmiljø og samarbeid med andre
- Bidra til å ivareta helse, miljø og tryggleik i barnehagen
Kvalifikasjonar
- Barne- og ungdomsarbeidar, men er og interessert i deg som har anna relevant utdanning, yrkeserfaring og ynskjer å arbeida i barnehage
- Erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Bestått nivå A2 i skriftleg framstilling og B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
- Ved ny tilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, jfr. Barnehagelova §19, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Attesten må ikkje vera eldre enn 3 månader.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Personlege eigenskapar
- Påliteleg, omsorgsfull og engasjert
- Du har godt humør og positiv innstilling
- Du er leiken og evnar å inspirera og engasjera barn
- Møter barn, kollega og føresette med respekt
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Eit positivt barnesyn: "Barn gjer så godt dei kan"
Me tilbyr
- Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
09.03.2025Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6059289Se her for andre jobber fra Kvam Herad