Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
24.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6253528Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Fagarbeidar/assistent - fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Nybø barnehage ligg flott plassert ved Sognefjorden på Leikanger i Sogndal kommune, 20 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er gode bussamband mellom Sogndal sentrum og Leikanger. Leikanger er administrasjonssenter i Sogndal kommune.
Me søker med dette etter ein fagleg og engasjert barne- og ungdomsarbeidar / assistent, som er relasjonssterk og inkluderande til ein velfungerande barnehage.
Nybø barnehage har dette barnehageåret 49 barn fordelt på 3 avdelingar. Nybø barnehage har to aldersblanda einingar i Fylkesmannsgarden og ei småbarnseining i Sorenskrivargarden. Begge bygga er flotte bygg frå midten av 1800-talet, med sjel og eit koseleg miljø
Barnehagen ligg fint til i solrike omgjevnadar ved fjorden. Nærleik til flott natur med skog og mark, sentrum, idrettshall og andre funksjonar.
Barnehagen har 15 tilsette med høg kompetanse, og god miks i alder av tilsette. Leiinga består av styrar og assisterande styrar
Fagarbeidar/assistent, 100% fast stilling.
Arbeidsoppgåver:
Sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø
Medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet
Personalressurs og drift i barnehagen
Bidra til eit godt samarbeid med føresette
Kvalifikasjonar:
Barne- og ungdomsarbeidar
Ufaglærte med relevant praksis kan og søke
Gjerne arbeidserfaring frå barnehage
Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
Menn vert oppmoda om å søkje
Personlege eigenskapar:
Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
Fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar
Evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa med føresette og kollegaer
Likar å arbeida i lag med andre
Taklar høgt tempo i kvardagen
Fyrstehjelpskompetanse
Godt humør
Leiken og aktiv
Me tilbyr
Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Eit pedagogisk miljø med høgt fagleg nivå
Engasjerte og støttande kollegaer
Leiarstøtte og opplæring i Sogndal kommune sine program og IT-verktøy
Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Bli med på leikelaget vårt i Sogndalsbarnehagen, og som barnehagelærar og vidareutviklar av Nybø barnehage.
Det vert gjennomført jobbintervju fortløpande.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
24.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6253528Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Barnehagelærar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Me søkjer helsesjukepleiar og psykiatrisk sjukepleiar!
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Vil du vere med å bidra til at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Eigedoms- og prosjektutviklar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Ungdomslos
Sogndal kommune
SOGNDAL