Company
UtdanningsdirektoratetApplication deadline
05.01.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Departementer og direktoraterEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
0191, OSLO
OSLO
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5982206Look here for other jobs from Utdanningsdirektoratet
Utdanningsdirektoratet
Er du vår nye IT-medarbeidar?
Departementer og direktorater
I Utdanningsdirektoratet jobbar vi for at barn og unge trivst og meistrar i eit inkluderande læringsmiljø. Ein viktig del av denne jobben er å sikre god forvaltning og vidareutvikling av kompetansetiltaka retta mot tilsette i barnehage, skule og SFO. Vi er med på å bidra til at barn og unge får betre tilbod i barnehage og skule, og til dette treng vi dyktige og engasjerte kollegaer.
Vi søkjer ein serviceinnstilt og løysingsorientert medarbeidar med erfaring frå IT brukarstøtte, for eksempel frå førstelinjesupport og gjerne innan drift. Hos Udir vil du få moglegheit til å utvikle deg i eit dynamisk og moderne IT-miljø. Du blir ein del av eit team som set høge krav til servicenivå, stabile løysingar og ein fleksibel IT-plattform. Som første kontaktpunkt ved tekniske problem er det viktig at du er trygg med telefonen som arbeidsverktøy, samt at du kan hjelpe tilsette direkte. Vi brukar Topdesk som supportverktøy og har elles ein Microsoft-basert plattform.
I avdeling for IKT drift får du jobbe med godt kvalifiserte medarbeidarar i eit hyggeleg og lærerikt miljø. Udir har mange IT-system både for tilsette og retta mot sektor. Du vil jobbe mest mot tilsette, men kan òg bli involvert i samarbeidsprosjekt og andre oppgåver. Avdelinga består av 13 medarbeidarar og har mellom anna ansvar for tilsetteløysingar som Windows, Office 365, Microsoft Azure skyplattform, samt «on-prem»-løysingar. Avdelinga har òg ansvar for eigedomsforvaltning og husdrift, og er underlagt divisjon for styring og organisasjon.
Kvalifikasjoner:
Du må ha:
- minimum fagbrev innan IT driftsfaget eller tilsvarande (relevant erfaring kan i nokre tilfelle kompensere for utdanningskravet)
- relevant erfaring, til dømes frå IT brukarstøtte og/eller oppkopling og teknisk support på IT-utstyr
- grunnleggjande ferdigheiter innan Microsoft Windows og Office 365
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har:
- erfaring med bruk av supportsystem og korleis dette kan brukast for å forbetre kundesupport og prosessar
- erfaring med feilsøking og installasjon av programvare, fortrinnsvis MS Intune
- kjennskap til Cisco og Pexip AV-løysingar
Personlige egenskaper:
Du er:
- god til å samarbeide og evner å skape gode relasjonar
- brukar- og serviceorientert
- strukturert og effektiv med god gjennomføringsevne
- initiativrik, sjølvstendig og trivst med å jobbe i team
- interessert i fagleg utvikling og ønskjer å lære nye ting
Vi tilbyr:
- lønn som konsulent (kode 1065) eller førstekonsulent (kode 1408), p.t kr 441 000 – 545 000 per år (frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse)
- moderne lokale i Oslo sentrum
- eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- utbreidd bruk av team- og prosjektorganisering
- gode faglege utviklingsmoglegheiter
- ei verksemd som jobbar systematisk med utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstidsordning
- trening i arbeidstida
Utdanningsdirektoratet skal pregast av mangfald, og vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Vi oppmodar deg til å krysse av i søknaden dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar til intervju i kvar gruppe. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling. Vi legg vekt på å tilretteleggje arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette opplysast om og grunngjevast i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir teke til følgje.
Company
UtdanningsdirektoratetApplication deadline
05.01.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Departementer og direktoraterEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
0191, OSLO
OSLO
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5982206Look here for other jobs from Utdanningsdirektoratet
-
Tecno VVS søker trainee: ingeniør
Framtidsfylket AS
NORHEIMSUND -
Elkem søker trainee: Automasjon
Framtidsfylket AS
Vestland -
Tenesteutviklar i Sogn
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Digitaliseringsdirektoratet søker trainee: Programmerar
Framtidsfylket AS
LEIKANGER -
Er du vår nye Talknusar?
Sogndal kommune
SOGNDAL