Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
16.02.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6043060Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Sogndal kommune
Er du familieterapeut og vil bli ein del av vårt inkluderande tiltaksteam?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogn barnevern søkjer etter ein dyktig og engasjert familieterapeut i 100% fast stilling.
Arbeidsoppgåver:
- Tilby terapeutisk støtte og rettleiing til familiar som er i kontakt med barnevernet.
- Jobbe med å styrke familiens ressursar og hjelpe dei med å handtere utfordringar og konfliktar.
- Samarbeide med relevante instansar for å sikre heilskapleg oppfølging.
- Du vil kunne jobbe med oppdrag utafor tjenesten, da i tett samarbeid med PPT, helsestasjon, familievernkontor, BUP, barnehage og skole.
- Dokumentere og rapportere framdrift og resultat i fagsystemet Visma i samsvar med interne retningslinjer og krav.
Kvalifikasjonar:
- Det er ynskjeleg med mastergrad i familieterapi. Minimum 3-årig sosial eller barnevernsfagleg utdanning med eventuell vidareutdanning innan familieterapi.
- Erfaring med endringsarbeid i familierettleiingsfeltet og/eller barnevern.
- Gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter, med evne til å etablere tillitsfulle relasjonar.
- Evne til å handtere sensitive situasjonar med empati, profesjonalitet og diskresjon.
- Arbeidet stiller høge krav til fleksibilitet og omstillingsevne.
- Førarkort klasse B.
Me ser etter deg som er:
- Målretta, strukturert og løysingsorientert
- Ein lagspelar og har evne til å arbeide sjølvstendig.
- Ansvarsbevisst, fleksibel og engasjert.
- God til å lytte og ha fokus på menneske sine ressursar og moglegheiter.
- Har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner.
- Du må kunne arbeide på tvers i organisasjonen, ha gode haldningar og sjå verdien av tverrfagleg samhandling.
Me vil leggje stor vekt på søkjarane si personlege eignaheit til stillinga
Me tilbyr:
- Ei meiningsfull rolle der du får moglegheit til å gjere ein vesentleg skilnad i familiane sine liv.
- Eit inkluderande, engasjert og utviklingsorientert arbeidsmiljø.
- Lønn etter gjeldande avtaleverk.
- Arbeidstid: Hovudsakleg dagtid, men ein har høve til å vere fleksibel avhengig av oppgåver og behov.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Spesielle vilkår for stillinga:
- Det vert stilt krav om politiattest av nyare dato.
- Ved behov må søkjar pårekne noko bruk av eigen bil i tenesta.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit.
Me gler oss til å høyre frå deg!
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
16.02.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6043060Se här för andra jobb från Sogndal kommune
-
Familieterapaut/Landsbyrettleiar i hjelpetiltak
Øygarden kommune
STRAUME -
Vil du hjelpe ungdom ut i arbeid eller utdanning?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Helsefagarbeidar Prestahagen
Sogndal kommune
Sogndal -
Miljøterapeut - psykisk helse og rus, Balestrand
Sogndal kommune
Balestrand -
Sjukepleiar eller vernepleiar Prestahagen
Sogndal kommune
Sogndal