• Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    13.03.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6905, FLORØ
    KINN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6081749
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Vacancy

Fjord1 ASA

Er du den analytiske og strategiske personen vi ser etter?

Ferger

Kanskje veit du allereie ein del om Fjord1? Du tenker kanskje at det er ferje, sveler og kaffe?
Vi er så mykje, mykje meir!

Vi er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet – over halvparten av våre fartøy er elektriske, og vi utviklar verdas første sjølvgåande ferjer. Vi tør påstå at vi er både moderne, innovative og framtidsretta – og langt frå kjedelege! Visjonen vår er å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, og vi skal halde fram med å leie an i den maritime næringa.

For å nå denne visjonen styrkjer vi organisasjonen og etablerer ei heilt ny kommersiell avdeling. Her samlar vi spisskompetanse innan forretningsutvikling, marknadsanalyse og anbod for å sikre vekst og vidareutvikling av selskapet. No treng vi fleire dyktige medarbeidarar!

Vi ser etter deg som vil jobbe med analyse og forretningsutvikling, og som ønskjer å spele ei sentral rolle i oppbygginga av den nye kommersielle avdelinga. Denne stillinga er spesielt retta mot analyse, medan vi òg søkjer etter ein annan forretningsutviklar som skal jobbe meir mot marknad og anbodsleiing.

Som forretningsutviklar får du moglegheita til å påverke utviklinga av selskapet og vere med på å forme framtidas forretningsstrategiar. Du vil jobbe i eit innovativt miljø der utvikling og nytenking står sentralt, og der du får høve til å bidra til konkrete løysingar for framtida. Med innsikta di i marknaden og evna di til å identifisere nye moglegheiter, vil du spele ei avgjerande rolle i Fjord1 si satsing på berekraftig vekst.

Som forretningsutviklar får du moglegheita til å påverke selskapet si utvikling og forme framtidas forretningsstrategiar. Du blir ein del av eit kompetent og engasjert team, som vi no utvidar frå to til fire forretningsutviklarar. Saman skal vi identifisere nye moglegheiter, styrke marknadsposisjonen vår og bidra til Fjord1 si satsing på berekraftig vekst.

Du vil rapportere direkte til kommersiell direktør.

Kvalifikasjoner:

Vi ser etter ein sjølvstendig, initiativrik og analytisk person. Du har god forretningsforståing, sterk analytisk kompetanse og evne til å sjå samanhengar og moglegheiter. For oss er dei personlege eigenskapane viktige, men for å lykkast i denne rolla ser vi for oss at det er viktig med:

  • Høgare økonomisk utdanning
  • Erfaring frå analyse, strategi eller forretningsutvikling
  • Solid erfaring med IKT-verktøy, særleg Excel
  • Evne til å utarbeide innsiktsfulle rapportar og presentasjonar

Vi tilbyr:

Som forretningsutviklar i Fjord1 får du ei engasjerande, utfordrande og sjølvstendig stilling i eit arbeidsmiljø prega av entusiasme og arbeidsglede. Du blir del av eit sterkt fagmiljø med dyktige kollegaer som deler ambisjonen om utvikling og innovasjon. '

Vi tilbyr konkurransedyktig løn, gode forsikrings- og pensjonsordningar, samt fleksible arbeidsvilkår som gir deg ein god balanse mellom jobb og fritid.

Din faglege og personlege utvikling er viktig for oss, og vi gir deg gode moglegheiter for læring og vekst. I tillegg har vi attraktive velferdsordningar, inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid.

Er du nysgjerrig? Ta gjerne kontakt – vi ser fram til å høyre frå deg!

 

 

  • Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    13.03.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6905, FLORØ
    KINN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6081749
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA