Company
Surnadal kommuneApplication deadline
10.10.2024Form of employment
PermanentIndustry
BrannvesenEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5860624Look here for other jobs from Surnadal kommune
- Updated 20.09.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Surnadal kommune
Einingsleiar ved Surnadal barne- og ungdomsskule
Brannvesen
Surnadal barne- og ungdomsskule søkjer ein engasjert og målretta einingsleiar/rektor til å leie skulen inn i framtida. Er du ein tydeleg, inkluderande og inspirerande leiar med eit sterkt engasjement for læring og utvikling? Da ønskjer vi å høyre frå deg!
Om Surnadal barne- og og ungdomsskule:
Surnadal barne- og ungdomsskule (Subus) er ein sentral del av lokalsamfunnet, med eit sterkt fokus på å gje alle elevar dei beste føresetnadene for læring og personleg utvikling.
Subus er ein 1-10 skule, har i overkant av 500 elevar og om lag 100 tilsette og ei stor SFO-avdeling.
Skulen ligg fint plassert på Øyeområdet like ved eit stort idrettsanlegg, Øye og Solbakken barnehage og vidaregåande skule. Skulen har eit heilt nytt bygg for barne- og mellomtrinnet, der også administrasjonen held til. Ungdomsskulen vart renovert samtidig med at det vart bygd nytt.
Vi har eit godt leiarteam på skulen og lærarane våre er dedikerte og dyktige fagpersonar som arbeider for å skape
eit trygt, støttande og inkluderande læringsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Leie og vidareutvikle skulen sitt pedagogiske og administrative arbeid i tråd med nasjonale og lokale retningsliner.
- Sikre eit godt og trygt læringsmiljø for alle elevar, med fokus på elevmedverknad og inkludering.
- Personalansvar for skulen sine tilsette, inkludert rekruttering og kompetanseutvikling.
- Sørge for godt samarbeide med føresette, elevar, tilsette og eksterne samarbeidspartar.
- Ansvar for økonomi og budsjettoppfølging.
- Drive strategisk utvikling og sikre implementering av skulen sine mål og planer.
- Representere skulen i ulike fora og bidra aktivt til lokalsamfunnet.
- Andre oppgåver som kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning frå høgskule og/eller universitet som oppfyller tilsettings- og kompetansekrava for norsk grunnskule.
- Relevant leiarerfaring og gjerne vidareutdanning innan leiing.
- God kjennskap til norsk skulelovgjeving, læreplaner og offentleg forvaltning.
- Kunnskap om og ferdigheiter i bruken av digitale verktøy.
Vi ønskjer at du har:
- Evne til å leie i endring og utvikling, samt kunne motivere og engasjere tilsette.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, med evne til å bygge tillit og gode relasjonar.
- God økonomiforståing.
- God gjennomføringsevne.
Eigenskapar vi ønskjer at du har:
- Vi ser etter ein leiar som er strukturert, løysingsorientert og har ein tydeleg visjon for skulen si utvikling.
- Du er ein engasjert leiar som er opptatt av å sjå kvar enkelt elev og tilsett.
- Gjennom leiarskapet ditt skal du bidra til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø kjennteikna av samarbeid, åpenheit og trivsel.
- Du skal vere ein positiv pådrivar i utviklingsarbeidet ved skulen saman med leiarteam og utviklingslærarar.
Vi tilbyr:
- ei utfordrande og spanande leiarstilling i eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø.
- du får vere med å forme framtida for elevar og tilsette ved Surnadal barne- og ungdomsskule
- konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- gode mulegheiter for fagleg og personleg utvikling
- lønn etter avtale
Tilfredsstillande politiattest skal leggast fram før oppstart i stilling.
Surnadal kommune har nynorsk som administrasjonmål.
Vi ser fram til å få søknad frå deg!
Kommunalsjef for oppvekst Kenneth Bergstad, svarar gjerne på spørsmål.
Han har tlf. 93061792 og epost: kenneth.bergstad@surnadal.kommune.no
Company
Surnadal kommuneApplication deadline
10.10.2024Form of employment
PermanentIndustry
BrannvesenEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5860624Look here for other jobs from Surnadal kommune
- Updated 20.09.2024