Ledig stilling

Surnadal kommune

Einingsleiar Teknisk drift i Surnadal kommune

Brannvesen

Vil du vere med å bidra til utvikling av dei kommunaltekniske tenestene i Surnadal kommune?

Teknisk drift har ansvar for tenester innan veg, vatn, avløp, kommunal bygningsmasse, vaktmeister- og reinhaldstenester, brann- og redning, uteområde m.v.

Vi skal tilsette ein leiar som kan motivere og leie ei eining med om lag 40 årsverk og eit årleg brutto driftsbudsjett på nær 90 millionar.

Du er flink til å samhandle og arbeide tverrfagleg for å oppnå gode resultat. Du har lyst til å bidra til utvikling av dei kommunale tenestene, du er nysgjerrig på ny teknologi og du trivst med å motivere og legge til rette for at medarbeidarane dine skal bli enno betre.

 

Arbeidsoppgåver:

- Overordna ansvar for dei tekniske tenestene

- Økonomisk og fagleg ansvar

- Overordna personalansvar for tilsette i eininga

- Prosjektutvikling og prosjektstyring

- Tverrfagleg samhandling og samarbeid

- Kommunikasjon med andre offentlege myndigheiter, eksterne aktørar og innbyggarane i kommunen

- Kompetanseutvikling i eininga

Det kan bli aktuelt med overtaking av befalsvakt.

Ønska kvalifikasjonar:

- Fortrinnsvis sivilingeniør/ingeniør eller anna relevant utdanning på master-/bachelornivå

- Arbeidserfaring frå aktuelle fagområde

- Leiarerfaring og/eller utdanning

- Du er resultatorientert gjennom systematisk arbeid og gode prosessar

- God muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er viktig med tanke på dialog og dokumentasjon

- Førarkort kl.B

 

Vi kan tilby:

Lønn etter avtale med gode kommunale forsikrings- og pensjonsordningar. 
Eit godt og triveleg arbeidsmiljø.
Flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen og hjelp til å skaffe bustad.

 

 

Surnadal kommune ønskjer eit mangfald på arbeidsplassen som m.a speglar befolkninga med omsyn til kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi er som mange andre kommunar i stor omstilling og det kan bli endringar i stillinga sitt innhald og arbeidsområde.

Som hovudregel blir alle søkarar ført opp på den offentlege søkarlista i henhald til offentlegliva.
Evt.søknad om unntak for offentleggjering må grunngjevast. Grunngjevinga blir vurdert opp mot bestemmelsane i offentleglova. Dersom ønske om unntak ikkje kan takast til følge, vil søkaren bli kontakta før lista blir offentleg, jf. offentleglova § 25, andre ledd.