Företag
Nissedal KommuneAnsökningstiden
31.03.2019Arbetsfunktion
UndervisningAnställningsform
workTime.HeltidBransch
KommuneUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligÖnskat språk
norsk, engelskAdress
3855, TREUNGEN
NISSEDAL
NorgeAndra arbetsplatser
NissedalAntal befattningar
1Karriere-kod
1361229Se här för andra jobb från Nissedal Kommune
- Uppdaterad 19.02.2019
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Nissedal Kommune
Einingsleiar skule
Kommune
Vi har ledig ei spennande 100% stilling som einingsleiar for skule - ID 509
Om stillinga
Nissedal kommune har ein sentralskule (1-10) og eitt oppvekstsenter (barnehage og 1-7). Skulane er organisert med kvar sin rektor. Einingsleiar rapporterer til rådmannen og er i rådmannen si leiargruppe. Einingsleiar er kommunen sin skulefagleg ansvarlege og skal vere ein pådrivar i det pedagogiske utviklingsarbeidet i skulane i kommunen. Vi søkjer etter ein samlande og utviklingsorientert leiar som er i stand til å vidareutvikle eininga til beste for elevane, tilsette og lokalsamfunnet!
Ansvarsområdet til einingsleiar kan på eit seinare tidspunkt bli utvida.
Arbeidsområde
- Økonomi-, personal- og fagansvar for eininga
- Næraste overordna for rektorane og vaksenopplæringa
- Skuleeigaroppgåver
- Sakshandsaming til politisk nivå innan eininga sitt ansvarsområde
- Kommunalt tilsyn med barnehagane som barnehagemynde
- Aktivt arbeid for eit godt tverrfagleg arbeid i kommunen
Kvalifikasjonskrav/-ønskjer
- Godkjent utdanning etter krav til skulefagleg ansvarleg i opplæringslova
- Skuleleiarutdanning/rektorutdanning
- Erfaring frå undervising i grunnskulen
- Leiarerfaring
- Leiareigenskapar og god på relasjonskompetanse
- Bruke nynorsk som skriftspråk
- Personlege eigenskapar/eignaheit vil bli vektlagt
Om deg
- Du har store forventingar til deg sjølv og dei du skal leie
- Du bidrar til at det blir stilt høge forventingar til elevane, slik at alle får nytta sitt fulle læringspotensial
- Du er sjølvstendig, målretta og strukturert
- Du tek ansvar og set deg inn i nye fagområde
- Du er positiv, engasjert, fleksibel og har godt humør og evne til å inspirere andre.
- Du kjenner deg heime i Nissedal kommune sine levereglar som seier at me skal vere:
- Rause
- Tydelege
- Opne og ærlege
- Oppgåveorienterte
- Imøtekomande og blide
- Stolte av arbeidsplassen og arbeidet vi utfører
- Samarbeidsviljuge og syne kvarandre respekt og omtanke
Vi kan tilby
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sine reglement
- Hjelp til å skaffe bustad
- Flyttegodtgjersle etter eige regulativ
Nærare opplysningar ved rådmann Sverre Sæter, telefon 35 04 84 02/ 993 40 862.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.
Företag
Nissedal KommuneAnsökningstiden
31.03.2019Arbetsfunktion
UndervisningAnställningsform
workTime.HeltidBransch
KommuneUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligÖnskat språk
norsk, engelskAdress
3855, TREUNGEN
NISSEDAL
NorgeAndra arbetsplatser
NissedalAntal befattningar
1Karriere-kod
1361229Se här för andra jobb från Nissedal Kommune
- Uppdaterad 19.02.2019