Company
Øygarden kommuneApplication deadline
05.01.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5989365Look here for other jobs from Øygarden kommune
Øygarden kommune
Einingsleiar for ny eining - Barn og familie - Oppvekst
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du væra med og byggje opp ei ny teneste som skal jobba førebyggjande og tilby samordna tenester som kan møta heile utfordringsbiletet rundt barnet og familien når dei treng det?
Øygarden kommune er ein vekstkommune med omlag 40.000 innbyggjarar som har som visjon å vere eit fyrtårn i vest. Det skal væra godt å veksa opp i kommunen og det ligg mellom anna til tenestene under barn og familiesjefen å lukkast med dette. Tenestene i ansvarsområdet er i dag helsestasjon- og skulehelsetenesta, flyktninghelsetenesta, jordmortenesta, kommunepsykologer for born og unge, familie og rettleiingssenteret, barnevern og ungdomstenesta. I tillegg er vi i prosess med å etablere eit lærings- og integreringssenter som skal ligge under ansvarsområdet frå 01.03.25.
Det er ønskjeleg å styrke arbeidet med utsette barn og unge gjennom endring i organisering av tenestene under barne – og familiesjefen. Endringa inneber å spisse ressursane inn mot barn og unge med risikofaktorar i livet sitt med mål å redusere risiko og auke beskyttelsefaktorane.
Barn og ungdom som slit har ofte komplekse utfordringar som handlar om psykisk helse, rus, utanforskap, manglande meistring og tilhøyrsle. Denne nye eininga skal jobba førebyggjande og tilby samordna tenester som kan møta heile utfordringsbiletet rundt barnet og familien når dei treng det.
Vi søker etter ein dyktig og utviklingsorientert leiar som skal etablere og leia den nye eininga. Stillinga rapporterer til barne- og familiesjefen som er administrativ organisert under kommunalsjefsområde Oppvekst.
Arbeidsoppgåver:
- Som leiar har du personal-, fag-, økonomi- og administrativt ansvar
- Du skal utvikle og leie den nye eininga i høve gjeldande lovverk, kommunale vedtak, interne målsettingar og visjonar
- Du skal bidra til å utvikle god kommunikasjon og samarbeid internt og eksternt, samt sikre eit godt fag- og arbeidsmiljø i eininga
- Væra ein del av leiargruppa til barne- og familiesjefen
- Samarbeid og samordning på tvers i organisasjonen og særskild mot tenesteområde i Helse og velferd.
Kvalifikasjonar: Må ha:
- Relevant universitets- eller høgskuleutdanning
- Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
- Leiarerfaring
Ønskjeleg med:
- Utdanning på masternivå
- Leiarutdanning
- Kjennskap til Øygarden kommune og/eller kommunesektoren
- Erfaring med samhandling på tvers av tenester
- Relevant erfaring frå fagområde som er underlagt barn og familie
- God IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar:
- Nøyaktig og kvalitetsbevisst
- Fagleg engasjert og utviklingsorientert
- Positiv og tillitsskapande
- Høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Fleksibel og har gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
- Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Evner å kunne jobbe heilskapleg og strukturert, både sjølvstendig og i team
- Har høg grad av respekt for menneske i vanskelege livssituasjonar og fokus på god service
- Har evne til å inspirere og motivere
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante oppgåver og utfordringar i et aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Barne og familiesjef: Monica Johannesen Mørk, telefon: 98857417
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
05.01.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5989365Look here for other jobs from Øygarden kommune