Ledigt jobb

Hemsedal Kommune

Driftsingeniør/prosjektleiar vatn og avløp (VA)

Offentlig forvaltning

Dersom du ønskjer ein arbeidsdag fylt med varierte oppgåver og spennande utfordringar, innan eit fagfelt som forvaltar dei største verdiane i kommunal infrastruktur, kan dette vere jobben for deg! Kvar dag sørgjer vi for trygt og godt drikkevatn til innbyggjarane våre, og handterer avløpsvatn for å hindre ureining.

Hemsedal kommune har ledig 100 % fast stilling som driftsingeniør/prosjektleiar innan vatn og avløp (VA) ved eininga for Teknisk drift.

Vi ser etter ein positiv og serviceinnstilt person med stor interesse for faget, og eit ønskje om å samarbeide med andre i eit sterkt og godt arbeidsmiljø.

Verksemda sine oppgåver omfattar alt frå saksbehandling og oppfølging av den daglege drifta av kommunen sitt VA-anlegg. Avdelinga har òg ansvar for gjennomføring av kommunale investeringar innan veg og VA, VA-kartverk, oppfølging og overtaking av VA-anlegg, utbyggingsavtalar og utsending av kommunale VA-gebyr.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg tilsyn, drift og vedlikehald av avløpsreinseanlegg, høgdebasseng, pumpestasjonar, leidningsnett og vassbehandlingsanlegg i tett samarbeid med driftsleiar og anna driftspersonell
  • Delta i kommunen si beredskapsvaktordning i tråd med gjeldande avtale
  • Systemansvar for FDV-system
  • Behandling av innmålingsdata og oppdatering av kommunen sitt VA-kartverk
  • Ansvar for prøvetaking, prøvetakingsplanar, oppfølging av analysar og rapportering i samsvar med krav frå myndigheiter og internkontrollsystem
  • Saksbehandling knytt til mellom anna utbyggingsavtalar og overtaking av VA-anlegg, tilkopling til kommunalt nett og andre spørsmål innan VA
  • Bidra til utarbeiding, oppdatering og gjennomføring av hovudplanar for vatn og avløp
  • Oppdatering av kommunen sine nettsider for VA
  • Oppfølging av investerings- og rehabiliteringsprosjekt innan veg og VA i tett samarbeid med driftsleiar og verksemdsleiar
  • Bidra til budsjettering og økonomioppfølging saman med verksemdsleiar
  • Andre relevante arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga

Ansvar og arbeidsoppgåver kan tilpassast den aktuelle søkjaren ut frå erfaring og interesse.

Arbeidstid
Måndag til fredag Kl. 07:00 - kl. 15:00. Deltaking i beredskapsvaktordning med ei vekesvakt ca. kvar 4 veke frå fredag til fredag mellom kl. 15:00-07:00. Beredskapsvakt har heimevakt med responstid på maks 1 time.   
Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan relevant fagområde er ønskjeleg. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning, og praksis innan fagområdet vil bli vektlagd
  • Relevant arbeidserfaring innan VA-drift, prosjektleiing og kommunalteknikk, samt kjennskap til kommunal forvaltning og saksbehandling
  • God kjennskap til relevante lover og forskrifter (mellom anna forureiningsforskrifta og drikkevassforskrifta)
  • Gode datakunnskapar og erfaring med digitale verktøy
  • Erfaring med FDV-system og bruk av kartverktøy
  • Erfaring frå prosjektarbeid og tverrfagleg samarbeid
  • Utdanning/erfaring innan beredskapsarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Førarkort klasse B er eit krav

Personlege eigenskapar

  • Strukturert, løysingsorientert og serviceinnstilt
  • Sjølvstendig og initiativrik
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Trivst med variasjon og fleire parallelle oppgåver
  • Interesse for fagleg utvikling og forbetringsarbeid

Personlege- og sosiale eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:

  • ein spennande arbeidsplass med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk


Krav til helsedokumentasjon
Ved tilsetting er det krav om eigenmelding om Tuberkulose. Du kan også bli pålagt å ta tuberkulose prøve om du har vært utsett for smitterisiko. 

Krav til kompetansedokumentasjon 
Det er krav om dokumentasjon og vitnemål frå tidlegare arbeidserfaring og utdanning for riktig innplassering i stillingskode, og fastsetting av lønn. Lønnsansiennitet blir satt til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert. Vitnemål og attester skal lastas opp som en del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.  

Kontaktperson
Bjørn Olav Viken, Leder Teknisk drift, mobil 970 58 826, e-post: bjorn.viken@hemsedal.kommune.no