Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
25.01.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6498253Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Dagleg leiar av frivilligsentralen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Aktivitetseininga i Sunnfjord kommune har ansvar for Friskliv og frivilligsenter, der dei tre frivilligsentralane i Naustdal, Sande og Førde er organisert. Desse tre frivilligsentralane samarbeider om aktivitetar i alle grender i Sunnfjord kommune. Stillinga som dagleg leiar av Gaular frivilligsentral inngår i eit team på 5 personar som saman driftar frivilligarbeidet, frisklivsatsinga, BUA og anna førebyggande arbeid i Sunnfjord kommune. Dei samarbeider med fleire kommunale einingar, frivillig sektor, institusjonar og næringsliv.
Aktivitetseininga har og aktivitetstilbod til vaksne i alle aldrar i Sunnfjord kommune. Aktivitetstilbodet kan gjevast som opplæring, arbeid eller anne type dagaktivitet til menneske som av ulike grunnar har behov for tilrettelegging eller bistand. Vi er i alt 46 positive og engasjerte medarbeidarar som jobbar i eininga fordelt på små og store stillingar i heile kommunen.
Vi har ledig følgande stilling:- 100 % mellombels stilling i perioden 20.04.26 – 31.01.27 som Dagleg leiar av Gaular frivilligsentral. 40 % av denne stillinga er knytt til ansvar for drift av BUA, som er lokalisert sentralt i Førde. 60 % er knytt til drift av Gaular Frivilligsentral, kor ein har kontorplass sentralt på Sande.
- høgare helse-/ sosialfagleg utdanning, pedagogisk utdanning eller anna relevant høgare utdanning. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- god IKT – kompetanse
- gode norsk kunnskapar, både skriftleg og munnleg
- politiattest av ny dato må leggast fram før start i stilling
- førarkort klasse B
Vi søker deg som:
- er kontaktsøkande, uredd, sjølvstendig og initiativrik
- er utviklingsorientert
- er kreativ og god på å skape relasjoner
- er god på å takle eit vidt spenn i oppgåver, er strukturert og flink til å planlegge eigen arbeidskvardag
- har gjennomføringsevne
- er ein lagspelar med fagleg autoritet innan ansvarsområdet
- er engasjert og har evne til å motivere
- utfordrande, varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- samarbeid med mange engasjerte menneske i og utanfor kommunen
- lønn etter kommunal tariff
- gode pensjons- og forsikringsordninger
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
25.01.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6498253Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune