Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
23.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6043063Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
Askvoll kommune
Brannførebyggjar (feiar) - 100% fast stilling i Askvoll kommune
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ved eininga Brann og redning i Askvoll kommune har vi ledig 100 % stilling som brannførebyggjar / feiar.
Eininga Brann og redning har 34 deltidstidstilsette brannkonstablar fordelt på brannstasjonen i Askvoll og 3 branndepot. Brannstasjonen i Askvoll er samlokalisert med Driftssentralen i kommunen. Vi har eit breidt spekter av oppgåver som skapar ein svært spennande og variert arbeidskvardag.
Arbeidsområde vert dagleg utføring av teneste knytt til brannførebygging og vurdering av risikoreduserande tiltak, feiing og tilsyn med skorsteinar og eldstader. I tillegg til andre oppgåver etter brann- og feiarvesenet sine lovpålagde oppgåver og behov.
Arbeidsoppgåver:
Gjennomføre feiing og tilsyn av fyringsanlegg
- Sakshandsaming etter gjennomført feiing og tilsyn
- Delta i informasjonsarbeid internt og eksternt
- Andre oppgåver kan kome til
Kvalifikasjonar:
- Vi vil primært ha søkarar som har fagbrev som feiar. Har du anna relevant fagbrev, eller er ufaglært, kan du óg søke. Du forpliktar deg då til å ta fagbrev som feiar med tilhøyrande teori-/praktisk eksamen.
- Vi legg óg vekt på at søkar har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar:
Vere pliktoppfyllande og oppteken av kvalitet under utføring av arbeidsoppgåvene
- Evne å arbeide både sjølvstendig og i team
- Vere ein omdømmebyggar for faget og kommunen som tenesteleverandør
Vi tilbyr:
Engasjerte kollegaer og leiarar
- Løn i samsvar med kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Spennande fagfelt og varierande arbeidsoppgåver
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
23.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6043063Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
-
Helsesjukepleiar - 100% fast stilling ved Askvoll helsestasjon - 2. gongs utlysing
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Miljøterapeut 100% fast stilling ved bu- og miljøtenesta - Markatunet - 2. gongs utlysing
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Vernepleiar 100% vikariat ved bu- og miljøtenesta - Markatunet
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Ferievikarar sommaren 2025
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Leiar for Arealforvalting
Øygarden kommune
STRAUME