Gløde AS
Gløde er eit engasjert og samfunnsbyggande kompetansemiljø som består av to selskap – Gløde Utvikling og Gløde AS – og har sin base i Alver kommune. Som arbeidsmarknadsbedrift har vi eit klart mål: å opna dører til arbeidslivet for menneske som treng støtte og tilrettelegging.
Gjennom NAV-tiltak og kommunalt finansierte løysingar tilbyr vi meiningsfylte og tilpassa arbeidstilbod, samtidig som vi rustar deltakarane for vidare yrkesliv. Dette oppnår vi ved å skape reelle arbeidserfaringar i våre eigne produksjonsmiljø, samt gjennom tett samarbeid med næringslivet i regionen. I tillegg legg vi stor vekt på individuell rettleiing, oppfølging og målretta opplæring.
Gløde er eigd av Alver kommune som hovudaksjonær, i tillegg til dei øvrige kommunane i Nordhordland, Vestland fylkeskommune, lokale verksemder, lag og engasjerte enkeltpersonar.
Vil du vite meir om kva vi gjer og kven vi er? Besøk oss gjerne på nettsida vår.
Gå med i vår kandidatbank
Supported Employment Karriereveiledning Webdesign programmeringÄr detta något du är bra på och vill jobba med? Anmäl ditt intresse, vi vill gärna ha dig i vår kandidatbank. Ställ dig först i kön och bli kontaktad när vi behöver folk.