• Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    12.10.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6402744
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
Vacancy

Ål Kommune

Barnevernskonsulent / Sakshandsamar

Offentlig forvaltning

Då er du den vi ser etter!

Hallingdal barnevernteneste er ei interkommunal teneste som dekker alle seks kommunane i Hallingdal: Hol, Ål, Gol, Nes, Flå og Hemsedal. Me er ei stor teneste med 30 tilsette, og me jobbar i team. Me har god kompetanse og engasjement for dei barna, unge og familiar som treng hjelpa vår. Som nytilsett får du opplæring og gode faglege utviklingsmoglegheiter. Du får kollegaer som brenn for å gjera ein forskjell for barn, unge og familiar.

Vi har no ledig 2 vikariat i 100% stilling (ut 2026). Det er ønskjelig med oppstart snarast. 

Generelle kvalifikasjonar

  • Barnevernpedagog, sosionom eller anna relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, gjerne med tilleggsutdanning.
  • Gjerne erfaring frå barnevern.
  • Erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar.
  • God skriftleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar blir vektlagt

  • Evne til å arbeide grundig, sjølvstendig og systematisk.
  • Gode refleksjonsevner.
  • Å være ein god teamarbeider.
  • Møte andre menneske med ei respektfull og open haldning
  • Trivst med å jobbe i høgt tempo.
  • Positiv haldning og godt humør.

Me kan tilby

  • Eit spennande og proaktivt fagmiljø med fokus på framtidas barnevern.
  • Godt arbeidsmiljø med mykje engasjement.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Fagleg utvikling og vekst.
  • Pensjonsordning KLP.
  • Hjelp til å finne bustad.
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale.
  • Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Søknad og politiattest

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

For mer informasjon om oss, sjå vår eigen film om Hallingdal barnevernteneste: https://www.aal.kommune.no/siteassets/aal/skole-og-barnehage/barnevern/hallingdal-barnevernteneste_final-2.mp4

Velkomen som søkjar!

 

  • Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    12.10.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6402744
  • Look here for other jobs from Ål Kommune