Company
Sogndal kommuneApplication deadline
13.10.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5896067Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 26.09.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sogndal kommune
Barnehagestyrar Furuli barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ledig stilling som barnehagestyrar i Furuli barnehage!
Frå 01.01.2025 er det ledig stilling som barnehagestyrar i Furuli barnehage
Sogndal kommune eig og driv 11 barnehagar i Sogndal kommune i barnehageåret 2024/25. I tillegg er det 4 private barnehagar i kommunen. Barnehagane i Sogndal har eit tett, godt og lærerikt samarbeid.
Furuli barnehage ligg i vekstbygda Kaupanger i Sogndal kommune, 10 kilometer frå Sogndal sentrum.. Det er gode bussamband mellom Sogndal sentrum og Kaupanger, og mellom Lærdal/Årdal og Kaupanger.
Me søker med dette etter ein fagleg og engasjert styrar, som er relasjonssterk og inkluderande til å leie ein velfungerande barnehage.
Furuli barnehage har dette barnehageåret 85 barn fordelt på 6 avdelingar. Barnehagen ligg fint til i solrike omgjevnadar i byggefeltet på Kaupanger. Nærleik til flott natur med skog og mark, skule, idrettsanlegg, ViteMeir og andre funksjonar.
Barnehagen har 27 tilsette med høg kompetanse, og god miks i alder av tilsette. Leiinga består av styrar og assisterande styrar.
Oppstart i styrarstillinga er 01.01.2025.
Arbeidsoppgåver
dagleg fag- og driftsansvar for barnehagen
personalansvar med fokus på nærvær og arbeidsmiljø
vere ein synleg leiar med god gjennomføringsevne
pedagogisk utviklingsarbeid gjennom profesjonsfellesskap og samarbeid
samspel med barn, føresette og nærmiljø
barna sitt leike - og barnehagemiljø
budsjett-, personalansvar og oppfølging av dei tilsette.
Kvalifikasjonskrav
utdanna barnehagelærar
ynskjeleg med tilleggsutdanning/leiarutdanning for styrarar
erfaring frå arbeid i barnehage
ynskjeleg med leiarerfaring frå barnehage som styrar eller assisterande styrar
rettleiingskompetanse
kompetanse i bruk av digitale verktøy
eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk med evna til å sjå teori og praksis i samanheng
god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
god omsorgsevne og relasjonelt mot
evne å begeistre andre og samtidig la seg engasjere av innspela til andre
evne å leie prosessar
strukturert, planmessig og god til å prioritere
gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
lojal til avgjerder og overordna føringar
Me tilbyr
eit pedagogisk miljø med høgt fagleg nivå
engasjerte og støttande kollegaer
leiarstøtte og opplæring i Sogndal kommune sine program og IT-verktøy
gode pensjons- og forsikringsvilkår
Politiattest krevst for stillinga
Bli med på leikelaget vårt i Sogndalsbarnehagen, og som styrar og vidareutviklar av Furuli barnehage
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
13.10.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5896067Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 26.09.2024