Company
Aukra kommuneApplication deadline
15.06.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6480, AUKRA
AUKRA
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6641215Look here for other jobs from Aukra kommune
Aukra kommune
Barne- og ungdomsarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Bergetippen barnehage har ledig faste stillingar som barn og ungdomsarbeidar.
Bergetippen barnehage ligg i Julsundet på fastlandet i Aukra. Det tek omlag 20 minutt frå Molde sentrum til barnehagen. Barnehagen har 7 avdelingar.
Vi legg vekt på å ha eit godt og solid fagmiljø med kompetente medarbeidarar. Barnehagen har kokk i 100 % stilling og er matpakkefri. Kokken lagar god og næringsrik mat til alle måltid.
Våre medarbeidarar har god kjennskap til Trygghetssirkelen og tilknytingsteori. Vi vil ha autoritative vaksne som bygger gode, varme relasjonar med barn samtidig som ein sett grenser og stiller krav. Vi vektlegg Ingrid Lund sin trapp med fokus på haldningar, kunnskap og handlingar i arbeidet for eit trygt, godt og inkluderande fellesskap for barn og tilsette.
I barnehagen let vi oss også inspirere av Reggio Emilia- filosofien sitt syn på barn og læring. Den pedagogiske tanken er å la barna sine idear, interesser, tankar og nysgjerrigheit vise veg for læring.
Arbeidsoppgåver for barn og ungdomsarbeidar
- Arbeide i samsvar med lov om barnehager og rammeplan for barnehager.
- Ta medansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det daglege pedagogiske innhaldet i høve enkeltbarn og gruppa.
- Har medansvar for arbeidet med å skape eit trygt og godt barnehagemiljø, omsorg for det enkelte barnet, for utviklinga av det sosiale miljøet og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa.
- Vere ein god medarbeidar som bidrar til å skape eit trygt og godt arbeidsmiljø.
Krav til søkar
- Fagbrev i Barne- og ungdomsarbeiderfaget. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
- Språk -må kunne norsk godt munnleg og skrifteleg. Søkjarar som ikkje har norsk som førstespråk, sjå Lov om barnehagar § 27. Krav om norskferdigheter for å bli ansatt i barnehage
Vi tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Kommunale vilkår for tilsetting
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Anna
Aukra kommune ligg innanfor sone 5 i ny ordning for sletting av studielån.
Oppstart
Etter nærare avtale og helst innan 15. August i 2026
Særskilte krav
Det er krav om politiattest før tiltreding.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling" på kommunen sine heimesider.
Søknadsfrist: 15.juni 2026
Kontaktperson
Ved spørsmål ta kontakt med styrar Synnøve Rishaug, tlf. 90571168, synnove.rishaug@aukra.kommune.no
Company
Aukra kommuneApplication deadline
15.06.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6480, AUKRA
AUKRA
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6641215Look here for other jobs from Aukra kommune
-
Barne- og ungdomsarbeidar ved Vigra barnehage
Giske Kommune
VIGRA -
Sjukepleiar -natt
Aukra kommune
AUKRA -
Vikariat; 60% stilling som barnehagelærar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Lærar i vaksenopplæringa – førebuande opplæring for vaksne (FOV)
Aukra kommune
AUKRA -
Barne- og ungdomsarbeidar
Vestnes kommune
VESTNES